Kampreferat Dale - Laksevåg

24.04.2014
Kampreferat Dale - Laksevåg

DALE – LAKSEVÅG 5. div. onsdag 23.4 på Geitabakken

Dale sitt lag:

 

Arild Soltvedt, Tommy Olsnes, Rune Kristiansen kpt., Eirik Erdal, Pete Charouchec, Preben Sandvik, Andreas Søberg, Dan Carlos Dankertsen, Eivind Johansen, Ørjan Boge, Even J. Indrebø.                                                                                                                                          

Benytta innbyttarar: Kim Søvik, Stian Olsnes, Dan Børge Høvik.

24-04-2014 14-49-09.png

 

 

A-laget vårt starta sesongen mot Laksevåg på Geitabakken i kveld. Dale sitt lag starta noko famlande og forsiktig, og ein kjente ikkje laget heilt igjen i frå treningskampana tidlegare i vinter. Ballen gjekk mykje på tvers og i lufta. Laksevåg sine spelarar var fysisk sterkare, men virka noko dårlegare kondisjonsmessig, men dei var villige til å bruka fysikken sin meir enn våre spelarar. Dette prega i stor grad starten av kampen, men etter å fått av seg litt av oppstartnervene og ( kanskje ) respekten, so kom me meir inn i kampen og overtok gradvis spelet og burda ha tatt leiinga, men på sin fyrste store sjanse etter 18 min. gjekk Laksevåg opp i 1 – 0. Dette såg ut til å vekkja Dale som umiddelbart, etter 20 min. utlikna til 1 – 1.  Målscorar Even Johansen. Resten av omgangen hadde me stort sett god kontroll og burde vel ved pause ha leia med eit par mål.

 

Andre omgang starta mykje likt fyrste, og også no overtok Dale gradvis spelet etter som lufta gjekk ut av ballongen hos Laksevåg, men også i denne omgangen kunne Laksevåg tatt leiinga, med bl.a. eit stolpeskot. Dei siste 20 minuttane av kampen meir eller mindre styrte Dale  kampen og viste at dei har eit betre treningsgrunnlag og står kampen betre kondisjonsmessig, og blei på overtid endeleg belønna med straffe etter nedriving i feltet i forbindelse med eit hjørnespark. Sikker straffeeksekutør var Preben Sandvik og dermed 2 – 1, som og blei sluttresultatet.

 

Alt i alt ein fortjent siger etter ein ikkje altfor god kamp av Dale, der det er ein del å jobbe med, og det er utviklingsmuligheiter i laget.

 

Neste kamp er borte på Straume stadion søndag 27. april kl. 16.00 mot Sotra 2. Neste heimekamp er fredag 2.5 mot Olsvik.

 

TUSEN TAKK til eit fleirtallig publikum, ca. 110, for frammøte, og håper de set av tid til å komme på neste heimekamp.

 

Ref.: Geir Karstensen

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org