Dale IL tar i bruk klubbadmin

05.10.2016
Dale IL tar i bruk klubbadmin

Dale IL jobbar i desse dagar med å legge medlemsregisteret sitt over på elektronisk format. I den forbindelse håpar me at du som medlem i idrettslaget vil bruka nokre små minutt på å hjelpa oss på vei.


Gå inn på minidrett.no og opprett ein ny brukar. Dersom du har ein brukar allerede, logg inn ;)


Finn fram til arkfana "Medlemskap" og søk opp dale idrettslag og send søknad om å få bli medlem dersom det ikkje allerede står at du er medlem i klubben.


Dersom du også har barn i idrettslaget, legg dei til slik at du kan dra nytte av familiemedlemskap i idrettslaget.


Ikkje vent til "seinare" eller "ein an gang" - gjer da no.


På forhånd tusen takk for hjelpa :)

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org