Historia om vegen

Historia om vegen

Bergsdalen Opp for 150 år sidan med tung bør og utan veg.

Javel. Somme kvir seg nok alt i dag for å gå, skri eller springe dei kring 4000 meter frå Dale og opp over Storefossen. Det er ei kvie dei ville ha flira godt åt for eit par hundre år sidan, folket i Bergsdalen.

 

Før det vart vegsamband mellom Bergsdalen og Dale, var det over fjellet dølane drog,- til Bolstad for å handle, til kyrkja på Evanger i glede, plikt eller sorg. Men ikkje støtt. Frå gamalt hadde nokre bønder nede i dalen fått laga seg ei gangbru over elva under den ville og mektige fossen. Og då arbeidet med fabrikken kom i gang, hadde han Torbjørn-Joans på Dalegarden sett seg opp ei krambu. Då var det blitt råd å handle turvande varer på Dale óg, og dei som budde nederst i Bergsdalen tok på sommarstid no og då turen like godt nedover langs elva til Kvammen (Dale).

 

Det var berre på sørsida av elva det var råd å kome fram. Men også der var vegen både kronglut og mange stader så bratt opp og bratt ned att at dei laut klatre i stegar for å kome fram, fortel boka ”Ei fjellbygd i Hordaland”.

 

Helge Fosse (fødd 1842) hadde ein dag vore på ein slik tur til Dalegarden saman med den unge son sin. Han var på veg attende til Fosse med ei halv tunna korn på ryggen då det ikkje gjekk likare enn at han snubla i botnen under Storefossen med den tunge børa og braut beint av eine leggen. Ja, Helge sende sonen Anders heim med melding om kva som hadde hendt han. Då kona kom fram til Storefossen, møtte ho mannen sin der. Då hadde han krope på alle fire dei bratte bakkane opp frå Botnen.

 

Kona hjelpte mannen heim og spjelka foten. Så gjekk ho sjølv ned att i Storefossbotnen, plukka opp kornbøra og bar henne heim!

 

Når me i dag står på demninga og ser ned i juvet, forstår me betre kva kvardagslit ein gong har vore.

 

Så kanskje skal dette óg minnast når deltakarane over fossen segnar slitne om ein dag i juni.

 

Helge Arild Bolstad.

 

 

 

Ei hending frå 1873.

 

Eit sysken lag frå Brekke (ei syster og vistnok tre brør) var på veg heimanfrå og til Arna, der eldste broren deira skulle halda bryllaup. Dei gjekk ned dalen og skulle fylja postbåten frå Dalebryggja til Garnes. I Storebotn på Fosse var det gangbru over elva. So gjekk den skrale stigen på sørsida av Dalen til dei kom til Dalegarden,  der det var bru over att.

 

Då dei kom nedom der Dale Fabrikker sidan sette inntaksdammen, hende ulukka. Ho Maria, einaste syster dei hadde, glei brått utfor eit stup.og ned i ur og elvestein. Ho miste livet med det same. Brørne kom seg ned og fekk henne opp att. Dei bar henne med seg til Dalegarden der dei fekk leggja henne på likstrå. Nokon av dei for heim att med bod., og nokon for til Arna der dei var venta, for dette var brudlaupsaftan.

 

Kista vart køyrd til Dalseid og rodd til Bolstad og gravlagd der.

 

Dette var sikkert fyrste lokkista frå Bergsdalen som kom til Bolstad sjøvegen. Men seinhaustes året etter, er det fortald, valde dei denne vegen med kista frå Fosse, i staden for å vassa i alnedjup nysnø over Bolstadfjellet.

 

 

 

Vegutløysing

 

Av Per Hatlestad frå boka "Begsdalen, ei fjellbygd i Hordaland"

 

Busetnaden i Bergsdalen hadde etter kvart teke til å festa seg. I eldre tider hadde gardane her skifta eigar tidt og ofte. Ikkje alle hadde heldt ut med det harde slitet og strevet det var, alltid å fara over aude fjell og vidder for turvande samkvem med andre folk. Storparten av dei som reiste herifrå, for til Amerika.

 

Men dei som var att hadde alt sett i andre bygder korleis køyrevegane der åt seg fram og letta samferdsla og levekår på ein mest eventyrleg måte.

 

Draumen om vegutløysing for Bergsdalen tok til å vakna, og vart stundom til samtaleemne der dei traska etter kløvhesten haust og vår, eller dei sleit i klabbeføre med ryggbøra om vetteren. Ein køyreveg til Evanger eller Bolstad ville vore til stor hjelp., men etter dalen måtte det og koma vegsamband.

 

Det mest naturlege utgangspunktet for veg måtte verta frå Dale og langs etter heile dalen. Men der låg Storfjellet og stengde. Fjellet frå Dystingen til elvabotnen med sine mange hundre meter loddrette stup, var det mogeleg å koma gjennom med veg der? Vegspørsmålet vart teke opp og drøfta på vidare plan.

 

Nede på Dale var kome industri i gang, og den var i framvokster. Jarnvegen Bergen - Voss hadde stasjon her, og det var komen handelsmenn på staden. Det hende at folk nerst i Bergsdalen for ned her på handel, men det var ein tung og ikkje heilt fårelaus veg å fara.

 

I 1882 sette amtstinget av pengar til vegparsellen Dale-Fosse, og i 1889 var bøndene i Bergsdalen samla for å skriva under ei kontrakt der dei batt seg til å ta del i vegkostnaden med arbeid eller pengar.

 

I 1891 vart vegen frå Dale til Bergsdalen sett i gang, og etter samanhengande arbeid var den 5,9 km lange vegen Dale - Fosse ferdig i 1895.

 

249346_1903352397857_1663157392_1918715_8359836_n.jpg

Fyrste arbeidslaget  Bergsdalsvegen 1891.

 

Hardanger og Voss sorenskriveris pantebok, Voss, 1886 - 1893, fol255.

Ekstrating 8. Juni 1892.

 

Kontragt. Vi undertegnede forpligte os herved til at ovetage udredelsen af de Brudvis herredsstyrelse under 19.desember 1882 garanterede udgifter ved det prosjekterede hovedveisanlæg Dale jernbanestation - Bergsdalen 1. parsel, fra Dale jernbanestasjon til ovenfor ^øverste Storfos - nemlig foruden fri veigrund og gjerdehold som og den jordskade veianlægget foraarsaker udenfor veilinen samt 1/10 af hvad amtskommunen bidrager til dette veianlæg. Opsidderne fra Bergsdalen overtager at svare af Bergsdalen ca. 21 skylddaler 14 dagsværk pr. skylddaler aarlig i 3 aar eller tilsammen 882 dagsværk, alle dagsværk beregnet til kr. 1,60 pr. dag. Skulde imidlertid de her lignede bidrag vise sig utilstrækelig til den av Brudviks heredsstyrelse indgaaende garanti, saa forpligter vi samtlige oppsiddere af Bergsdalen os til at tilsvare det resterende, saa Brudvik kommune ingen udgifter skal have ved det her omhandlede veianlæg. De her saaledes ingaaede forpigtelser skal herefter hefte og forpligte undertegnede forpligtedes respektive brug eller eiendomme intil forplgtelsene i alle dele ere opfylte. Gaarden Dale 15.de august 1889. Anders Fosse, Anders H Brække, Askel A. Rødland, Nils A. Rødland, Samuel S. Brække, Johannes N Øie, Jørgen P. Smaabrekke, Jacob B. Øie, L.A. Berge, Anders J. Lid, m.f.p. David N. Hatlrstad, Enke Ingebjørg Kallestad, m.f.p. enke Torbjørg Solberg, m.f.p. Haldor O. Hatlestad, Ole K. Berge, Nils J. Lie, Tormod Gullaksen Lie, Synneve Larsdatter Lie, Lars Magnesen Lie, Thorbjøtn L. Fosse.

 

Rett utskrift. Statsarkivet i Bergen, den 13.mai 1976. Torleif Hansen.

 

 

 

 Ei dødsulukke under vegarbeidet

 

MERKET: For 89 år sidan i mars hogg ein vegarbeidar sorga si inn i denne steinen i Bergsdalsvegen. FOTO: ROLF ERIK VEKA.
 

Minnestein.png
 
Ein kross og to bokstavar

1. mars 2012 vil det vere 90 år sidan Torger Andriasen (Andreasen) under arbeid med Bergsdalsvegen fekk denne steinblokka over seg og døydde. Rallaren frå Nordre Land på Toten bør då minnast med meir enn dette.

Soga er lite kjend i dag. Sjølv om mange kvart år spaserer vegen mellom Dale og Storefossen, legg veldig få merke til steinen med den innhogde krossen og bokstavane T A. Endå færre hadde i dag kjend noko av bakgrunnen for denne tragedien, om ikkje Rolf Erik Veka hadde granska saka, snakka med folk som framleis visste og så publisert ein artikkel om ulukka i ”Årbok for Vaksdal historielag 2008.
 
 
”Var åleine på staden
1. mars 1922 var ein sundag. Storefossen skulle demmast opp. Det hasta med å få vegen opp dit utbetra slik at det vart råd å få dei store maskinane fram over stupet, og då var helg lik kvardag på eit anlegg som dette.


Eit arbeidslag dreiv såleis sprengingsarbeid like ovanfor Storesvingen denne sundagen for 89 år sidan. Under oppreinskinga støtte dei brått på eit problem. Ei steinblokk var vondare å hanskast med enn dei andre i berget. Same kor mykje dei bala, fekk dei henne ikkje skikkeleg laus. Så let dei henne henge slik ho var, og gjekk dei 500 metrane opp til matøkt i brakkene over fossen.

Men av årsaker me ikkje veit, snudde Torger Andriassen og gjekk åleine tilbake. Han skal ha gløymt noko; eit eller anna viktig, kanskje ein tobakkspung?


Då arbeidslaget kom attende frå måltiden, fann dei ungkaren frå det som den gongen var Torpa kommune, liggjande drepen under steinblokka. Kvifor ho losna medan Andriasen nett der og då var under henne, veit sjølvsagt ingen. Ville mannen, som, slik ei ny kjelde no fortel meg, skulle gifte seg helga etter, prøve seg åleine på steinen og hauste ros for slikt storverk? Eller kom blokka berre plutseleg på glid medan mannen plukka opp det han vanta?



Mysteriet i etterkant
Dødsfallet vart meld inn til lensmannen to dagar seinare og vart av ei eller anna årsak etterforska av lensmannen i grannekommunen Haus, fortel Rolf Erik Veka i Årboka. Den døde vart førd med hest til Dale stasjon og vidare med toget, har Veka erfart i sitt arbeid med saka.


Men her støyter me på eit nytt mysterium. I Kyrkjeboka for Vaksdal, tidlegare Bruvik, er det ført opp at det var gravferd for Torger Andreassen alt 4. mars, medan han blei jordfesta først 2. juli same året. Kan det då vere slik at det er blitt preika over mannen i den gamle Dale kyrkje før kista vart send vidare med toget til heimstaden på Toten? Men korleis kan det då ha seg at han blei jordfesta først fire månadar seinare? Ein vond tanke melder seg då; - at vegstellet i Hordaland hadde så lite oversyn over innleigde arbeidarar at ingen visste kvar denne døde høyrde heime, at han vart liggjande ”på vent” i kanskje Bergen. Men dersom det er rett at han helga etter skulle gifte seg, er det nokså utenkjeleg å tru at mannen ikkje vart ettersøkt av familien. Kyrkjeboka i Nordre Land syner at han hadde foreldre i live, også ein yngre bror. Me må tru dei visste kvar han var, jamvel om slike arbeidsfolk gjerne drifta frå anlegg til anlegg.


Gravlagd på Dale
Slike spekulasjonar kan me no sjå bort frå. I den gamle kyrkjeboka for vår kommune kan me vidare lese at det var jordfesting på Dale kyrkjegard for Torger Andreassen denne andre dagen i juli for åttini år sidan.


Er det rett at den døde mannen vart frakta bort frå Dale med tog den dagen steinen tok livet av han, finst det då berre to forklaringar som begge tykkjest lite sannsynlege. Me veit det vart sagt at ingen hadde vore vitne til ulukka i Bergsdalsvegen. Dødsfallet kan då ha vorte rekna som så ”mistenkjeleg” at liket er blitt send til gransking ved Gades institutt i Bergen, eller lensmannen i Haus kan ha bede om å få studere den døde i t.d. Arna som ei lekk i si gransking.Men dette høver dårleg med det faktum at denne vegarbeidaren vart fysisk gravlagd på Dalegarden tre dagar etter ulukka. Tida er rett og slett i knappaste laget for ei slik meir omfattande medisinsk gransking av den døde. Eller kanskje ikkje?


Jordfesting den tid
Jordfesting skjer når ein prest kastar jord over den døde. At jordfestinga her skjer fire månadar etter gravferda, kan sjå litt rart – ja, beint fram mystisk – ut i dag. Men så seint som for berre 90 år sidan, var dette slett ikkje uvanleg på landsbygda i Noreg. Fordi prest ikkje alle stader var støtt tilgjengeleg, vart den døde gravlagd av dei næraste utan den seremoni som me no ser på som sjølvsagd. Så kom presten og kasta jord på nye graver den dag han hadde sett av til slikt. Såleis kan me sjå i kyrkjeboka at seks fleire enn Torger Andreassen vart jordfesta på Dale 2. juli 1922. Berre ein av desse var gravlagd same dagen.


Så slik veit me no endå litt meir om Torger Andriasen (Andreassen) og den lagnad han møtte på Dale: Ein eller annan stad på den eldste delen av gravplassen på Dalegarden har menneske som kjende han, i to omgangar teke farvel med mannen frå Nordre Land.


Flytta og steld med
Det me i alle fall veit, er at Torger Andriasen (Andreassen) var både omtykt og sakna på eit anlegg her ved Dale. Det fortel ein litt bortgøymd og litt bortgløymd ”minnestein” langs den vegen han let livet. I ei steinblokk der har ein mann meisla inn bokstavane T A og ein kross som eit evig minne om ein ven. Og då det var laga ein støttemur på staden, vart steinen mura inn der.


På Dale vart Torger Andriasen og hans lagnad snart gløymt. Men ikkje av alle. Under eit arbeid for 25 år sidan flytta vegoppsynsmann Svein Helle og Olav Bergstad steinen opp der han no står. Torbjørn Fosse har i alle år slått graset, rydda rundt steinen og måla opp att inskripsjonane, fortel Rolf Erik Veka i sin artikkel frå 2008.


På plass med ein plakett
Eg kjenner ikkje til andre dødsulukker under arbeid med denne vegstrekkja som vart sprengd inn i bergsidene her i åra frå 1891 til 1895, og seinare fleire gonger utbetra. For oss som kjenner terrenget her, og dei hjelpemedel desse karane hadde til rådvelde, er dette i så fall mest ikkje til å tru. Men den lagnad som vart mannen frå Nordre Land til del, og den respekt kameratane på enklaste vis synte han, kjenner me, og har me ei plikt til å minnast meir enn i dag. Mitt framlegg vil her vere å markere nittiårsdagen for ulukka med ein plakett som forklarar kvifor eit ukjent menneske har hogge si sorg inn i ein stein i Bergsdalsvegen ein vårdag i 1922. Teksten kan kanskje slik vere:
”Torger Andriasen, fødd 12. mars 1884 på Nordre Land, fekk denne steinblokka over seg og omkom 1. mars 1922. Det skjedde ein sundag under utbetring av vegen her. Arbeidskameratar let ettertida hugse hendinga med denne enkle inskripsjonen.”

Helge Arild Bolstad

 
 
 

 

 

 

 



 

 

 

 

 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org