Traseen

Traseen

Traseen går opp "gatå", gjennom ein 100 m lang tunell til Skyttarplassen der bakken startar. 10% stigning jevnt heile resten av vegen.

 

Vegen snor seg opp gjennom fjellsida i dalen med bratte overheng og høge stup. Vel halvvegs skal du gjennom ein ny tunell, denne gongen mindre enn 100m og med utsparrigar som gjev dagslys. Når du nærmar deg mål vil du sjå Storefossdammen som er bygd i 1926. Før den kom gjekk vegen rett inn i dalen. No må du gjennom fleire hårnålsvingar for å koma over ¨demninga før du er i mål. Eit tøft oppløp som skil dei beste frå dei nestbeste.

 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org