Bergsdalen Opp 2017

 

Arrangementet:

 

Dale IL, Bergsdalen UL og Voss Syklelubb arrangerer i år for 6. gong BERGSDALEN OPP, eit motbakkerenn, -ritt og -løp. Rittet går på sykkel, rennet på rulleski og løp på beina. Distansen er frå Dale til Storefossen, ca 4 km med jamn 10% stigning på asvaltert veg.

 

For turgåarar som vil støtta arrangementet, få registret deltaking og bidra til ei flott ramme undervegs eller i målområdet kan melda seg på i Trim- og Turklassen. 

 

 

 

 

Ansvarlege Arrangører:

Løp:             Dale IL

Rulleski:       Bergsdalen UL

Sykkel:         Voss Sykleklubb

 

Tidspunkt:

Laurdag 17.Juni.

Kl 1000-1200            Speaker

Kl 1100                    Fellesstart for Tur og Trim klassen

Kl 1200-1220:           Start      

 

Premiar:

 

Løp Menn uansett klasse:

1.Dalegenser + Kr. 3000,-

2.Dalegenser

3.Dalegenser

 

Løp Kvinner uansett klasse.

1.Dalegenser + Kr. 3000,-

2.Dalegense

3.Dalegenser

 

Rulleski Menn uansett klasse og uansett klassisk eller fristil.

1. Dalegenser + Kr. 3000,-

2. Dalegenser

3. Dalegenser

 

Rulleski Kvinner uansett klasse og uansett klassisk eller fristil

1. Dalegenser + Kr. 3000,-

2. Dalegenser

3. Dalegenser 

 

Løyperekordar Løp og Rulleski:

Setting av løyperekord for løp og rulleski (uansett klassisk eller fristil) separat kvinner/menn blir premiert med kr. 1000.

 

Sykkel: 3 stk Dalegenser vert delt ut etter trekning blant startnummer

 

TUR OG TRIM UTAN TIDTAKING: 4 stk Dale-genser vert trekt på startnummer.  

 

MERK AT DERSOM DU SKAL VERA MED I LODDTREKNING OM PREMIAR MÅ DU VERA PÅMELDT INNAN KL 1800 FREDAG 16.JUNI

 

Dersom ein ikkje er til stades under premieutdelinga, må premien hentast innan 14 dagar hos Petersen Handleri på Dale.

 

Bergsdalen Opp kjem til å bli arrangert kvart år framover. Det vil bli sett opp merke/premiar for deltaking 5, 10 gonger osv.

 

 

Påmelding

Påmelding skjer på Bergsdalen Opp si nettside, denne sida. (Sjå oppe til høgre)

http://www.bergsdalenopp.no

 

Dersom du ikkje får dette til, send ein epost til bergsdalenopp@daleil.org med alle opplysningar som er krevd i påmeldingsskjemaet. 

Deltakaravgift er Kr 250. For Tur og Trim klassen er deltakaravgifta kr 200. I tillegg kjem påmeldingsavgift Kr.15 for alle klassar. 

Du kan også føreta etterpåmelding på rennkontoret i Dale Ungdomskule arrangementdagen.

Deltakaravgifta er då auka til kr. 350 + kr 15 i omkostnader for alle klassar med tidtaking, og det er fare for kø og venting. Me oppmoar difor sterkt til påmelding innan fredag kl 2400.

 

For deltakarar med tidtaking gjeld i tillegg fyljande fristar for påmelding og avgifter:

-       Fredag   16, Juni kl 1800. Påmeldingfrist dersom du vil delta i loddtrekning av premiar.

-       Fredag   16. Juni kl 2400: Påmeldingsavgifta aukar til kr 350 for alle untatt Trim og Tur samt Sykkel Trim.

-       Laurdag 17. Juni kl 1100: Etterpåmelding slutt.

 

Deltakarar i Trim- og Turklassen utan tidtaking kan melda seg på fram til kl 1130 arrangementdagen.

 

Henting Startnummer

Startnummer kan hentast slik:

Fredag 16. Juni mellom kl 1900 og 2000 på Dale Ungdomskule.

Lørdag 17. Juni mellom kl 0900 og 1130 på rennkontoret på Dale Ungdomskule

 

Klasseinndeling:

Alle aldersklassar er delt for kvinner og for menn.   

 

Sykkel Trim

Årsklasse:

13-16

 

Sykkel:

Årsklasse:

17

 

Løp og Rulleski:

Årsklassar:

12-15

16-17

 

Deretter for alle greiner:

Årsklassar:

18-19

20-34

35-39

40-44

45-49

50-54

55-59

60-64

65-69

70 og over.

 

 

 

Startrekkefylje:

Kl 0900 Trim- og Turklasse kan starta frå no og utover på eige initiativ og må vera i mål innan kl 1330.

Kl 1100: Sosial fellesstart for Trim og Turklasse. 

Kl 1200 Fellesstart Sykkel inkludert Sykkel utan tidtaking 13-16 år

Kl 1210 Fellesstart Løp.                                    

Kl 1220 Fellesstart Rulleski Klassisk og Fristil.

 

Startområde:

Starten er i hovudgata.

 

Startlisens (Gjeld ikkje løp)

Alle som skal sykla eller går på rulleski må ha startlisens. Eingongslisens kan kjøpast ved påmelding. Den kostar kr. 150 for sykkel og kr 130 for rulleski.

Det vert kontroll av lisensar ved start.

 

 

Sekkebil:

Dersom du ynskjer sekken din i målområdet legg du den godt merka i ”sekkebilen” i startområdet. Sekkebilen går kl 1155.

 

Målområdet:

Mål er ved Storefossen 4 km lengre fram og 400 m opp. Her får du forfriskingar og sekken din utlevert. Husk at syklistar ikkje kan sykla ned att før hovuddelen av andre deltakarar er i mål. Klarsignal blir gjeve.

 

Det er planlagt eit fellesbilete av alle deltakarar tatt på demninga etter målgang. Vent difor i målområdet til instruksjon vert gjeve over høgtalar.

 

Maksimaltid:

Deltakarar som ikkje er i mål kl 1330 vil bli tatt ut av arrangementet.

 

 

 

Busstransport ned frå målområdet:

Det vert sett opp busstransport frå målområdet etter maksimaltida er gått ut kl 1330 for dei som då ikkje har tatt seg ned til fots eller på sykkel . Denne transporten kostar kr 50.

 

Premieutdeling:

Det vert premieutdeling frå scenen i startområdet kl 1500.

 

Garderobar:

Garderobe med dusj kan du nytta Dale Ungdomskule. Sjå kart.

 

Rennkontoret og sekreteriat:

Ved Dale Ungdomskule.

 

Sikkerheit:

Hjelm er påbode for alle som syklar.

Lys på sykkel er påbode.

Vegen vert sperra for biltrafikk under arrangementet.

Det vert plassert vakter langs traseen med radiokontakt.

 

Parkering:

Det er parkering med parkeringsvakt ved Dale Ungdomskule. På vedlagte kart er det også vist andre mogelege stader for parkering.

 

Arrangementdagen minutt for minutt

 

Tid    Aktivitet

Fredag 16. Juni

1800: Frist for påmelding dersom du vil vera med i loddtrekking av premiar.

1900: Opning av rennkontor for henting av startnummer.

2000: Stenging for henting av startnummer på Dale Ungdomskule

2400: Deltakaravgifta vert auka til 350 for alle untatt Trim- og Turklassen samt Sykkel Trim.

 

Lørdag 17. Juni

0000: Trim- og Turklassen kan starta når dei ynskjer det. Ved start før kl 0900 må startnummert hentast fredag kl 19-20. 

0900: Rennkontoret opnar.

0930: Tidlegast innlevering av startnummer i målområdet.

1100: Sosial fellesstart Tur og Trim utan tidtaking  

1100: Etterpåmelding stenger.

1130: Frist henting startnummer

1155: Sekkebilen startar.

1200: Start Sykkel og Sykkel Trim (13-17)

1210: Start Løp

1220: Start rulleski klassisk og fristil

1330: Frist for maksimaltid alle greiner og Turklasse.

1430: Start barneløp

1500: Premieutdeling.

 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org