Historikk

Sund og styrkende idræt

30 år var gått sidan dei første maskinane i Dale Fabrikker var starta, då "en del av Dales ungdom" samla seg i Festiviteten for å finna ut om ikkje den nye indudristaden skulle få sitt eige idrettslag. Denne "delen" av ungdomane på Dale var ikkje overveldande stor. Ni frammøtte av dei rundt 1500 menneska som budde på Dale var ikkje all verda, særleg om ein tenkjer på at ungdomen var ein stor del av dei som hadde slått seg ned rundt den unge fabrikken.

 

Men idrettslag vart det. Og formålet, slik det slik det var uttrykt i første paragraf i lagslovenene, var:

 

"paa bedste maade at søge fremmet al sund og styrkende Idræt av forskjellig slag blant stedets ungdom, samt søge at faa ungdommen til mer at interessere seg for almennyttige gjøremaal i det hele" 

 

Den første formannen i Dale IL, Lars Prestegaard, var vossing, han var fødd i 1879, same året som drifta i fabrikken tok til, og før styrevalet i 1909 var over hadde dei fleste av dei frammøtte fått seg kvar si oppgave.

 

På Dale var eit lagssamfunn ved å gro fram. Musikkforeninga hadde Dale fått berre to år etter at fabrikken kom i gang, og ved fabrikken kom den første fagforeninga, tilslutta Arbeidsmandsforbundet.

 

På mange måtar kan ein seia at Dale Idrettslag er eit barn av det "nye" Dale. I 1903 var Jebsen-tida i fabrikken over. Det var komen i vanskar som Jebsen-brørne ikkje greidde å koma seg ut av. Berre 25 år etter at fabrikken kom i gang, var det klårt at det måtte ei grunnlegande modernisering til dersom fabrikken skulle ha framtid. Problema hadde vokse år for år, og ein av grunnane var politisk: Då unionsstriden var på det hardaste, omkring 1895, sa svenskane opp den såkalla "mellomrikslova", og dermed miste norske tekstilfabrikkar med eitt slag ein av dei største marknadane, den svenske. No møtte dei tollmurar som gjorde det mest uråd å eksportera austover.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org