Frå sparking til spel

Om ein berre går etter offisielle noteringar, vil ein tru at fotballen i Dale IL var eit etterkrigsfenomen, for fotballgruppa står med stiftingsår 1945, rett nok med (1940) i parantes. Begge delar er korrekt nok, for med 1945 startar ikkje berre fotballen som eigen gruppeidrett i Dale IL, men det er i åra etter krigen at ein får fast organisering av norsk fotball i det heile, med seriar og divisjonar heile vegen frå rein hobbysparking oppover til profesjonell "foretningsfotball i Tippeligaen og Adeccoligaen. Dette med 1940 er også rett, for utover våren 1940 var ein komen så langt at fotball vart ein offisiell del av laget men så kom krigen, okkupasjonen og idrettsstreiken som gjorde at alt måtte leggjast til side.

 

Likevel kan ein med stor rett seia at fotballsporten er like gamal på Dale som Dale IL - kanskje endå eldre, om ein tek med den fyrste leiken med lærkula der det var råd å finna stor nok flate til at det kunne sparkast utan å skræma sauene eller knusa rutene i husa i nærleiken.

 

Mange stader i landet har ein historiar som liknar på kvarandre: Kven var det som førde den engelske footballsporten (rugby eller "associated football" - "soccer") over Nordsjøen.? Også i leksikon finn du at det var engelske ingeniørar og teknikarar som ikkje kunne greia seg utan den runde ballen, og fann seg grøne flater i nærleiken av fabrikken og anlegg der dei hadde arbeidet sitt utanlands.

 

Den same historia er også knytt til Dale. I åra 1890 til 1900 vart det engelske maskinmontørar på Dale, og dei fann seg ein passeleg leikeplass på Liamarka, altså paktargarden. Der fekk dalingane sjå noko merkeleg: Engelkmennene brukte ein rund lærball med ei gummiblåse inni. Dei sparka ballen omkring, men det såg ut til at det var visse reglar knytt til ball-leiken.

 

Dersom denne historia stemmer - og ho er rimeleg sannsynleg - har Dale vore mellom dei stadene som tidlegast møtte det som skulle verta ein stor idrett, kanskje den største, av alle. Leksikoon fortel at stadene i landet der noko slikt hende, var omkring 1885, og det førde til at vvi kan datera dei eldste fotballklubbane til den tid. I alle fall var det slik at i 1902 var det så mange som spela fotball at Norges Fotballforbund vart skipa.

 

Men i lange tider var ikkje fotballsporten serleg organisert og systematisk på Dale. Ein ting var at det tok lang tid før det vart mange nok fotballag til at ein kunne organisera seriar og turneringar. Men for Dale var det viktigast at ski, friidrett, gymnastikk og turn soom rådde grunnen, og at andre idrettar meir vart småting ved sida av det som var viktigast og gav mest ære og prestisje. Ski om vinteren , friidrett om sommaren var nok til å fylla året og fritida for dei fleste. Sjølv ein så viktig footballklubb som Brann i Bergen var ikkje komen i gang før godt etter århundreskiftet.

 

På 1920-talet var dalingane komne så langt at fotball var ein organisert idrett. Ungdomar frå Dale tok gjerne ein tur til Bergen for å sjå ein ekte fotballkamp., med reglar og domar og merkelege engelske ord som back, halfar, ving og senter oog ikkje minst offiside.

 

Fotballbane med internasjonale mål brydde dei seg truleg lite om. Men dei greidde å finna ein plass som nokolunde svarde til reglane. Dei rydda ein plass på Nedre Eikhaugen, der det framleis var mest utmark og beitemark. Olav Ulrik Søvik fortel at den nye fotballbana var kupert, høgdeskilnaden var ein meter, nook til at laga hadde motbakke kvar sin omgang. Verre var det vel at baneområdet mot sør var vått og myrlendt, mot nord var det tørt og ujamt, og steinar og tuer stakk opp både hist og her. Det var ikkje så lett å spela fotball, det vart helst til at dei sparka fotball.

 

Det var kanske ikkje så rart at det vart sparking. Ein og annan av spelarane hadde teke seg råd til å kjøpa fotballsko, ikkje alltid av beste og dyraste merke. Meir vanskeleg var det at dei tok pluggasko med helar som var jernskodde - og ellers kunne både feitlærsko og beksausko brukast.

 

Motstandarar hadde dei ikkje, så dei frammøtte vart delt i to lag og så sette dei i gang.

 

Vi får unna oss gleda av å ta med skildringa som Søvik har av dei harde 20-åra:

" Kampånda var det ingen ting å seia på. Når dei bomma på ballen, var det grastustane som fekk ta støyten., og då låg steinane bgjerne att etter villmannssparking. Lagspel var det ikkje så mykje av. Spelarane som fekk tak i ballen starta gjerne eit soloraid som først stoppa i målgarden.Då kom vikingeblodet fram i årene, og få brydde seg om domaren som prøvde å leia spelet etter reglane. Nådde ein ikkje ballen, var det greitt nok å ta mannen i staden, skalling var slikt som kunne stoppa dei fleste. Blå kuler og blødande sår vart det gjerne mange av på legger og lår. Men det gjorde ikkje så mykje. I pausen var det bort i bekken for å vaska av seg myrjord og blod, og så var det full fres på ballen att. Men etter kampen var alle gode vener," meiner Søvik.

 

"Ein skitkamp" sa dei gjerne etterpå, når doktoren ikkje hadde eit enaste beinbrot å spjelka.

 

Skal ein vera historisk, kan ein godt seia at fotballhistoria på Dale starta i Drammen. Dit drog 20 år gamle Alfred Sellevold for å skaffa seg arbeid. Men i Drammen hadde dei eit bra fotballag. Drammen Ballklubb. Der brukte Alfred Sellevold fritida si, og han var lysten på å læra alt oom fotball.  Fotballtreninga var sett i system der, dessutan skaffa han seg innsikt i grunntrening og gymnastikk.

 

Alfred Sellevold (Gaven).jpg

 

Alfred Sellevold (Gaven)

 

Han hadde mykje med seg då han kom tilbake til Dale. Fotballinteresserte jamaldringar var det nok av, og det var ikkje rart at han vart meir og meir eit midtpunkt for football - reine fotballgeneralen. Han vart trenar for både for juniorlag og seniorar, og litt etter litt vakna interessa for fotballsporten - sjølv brukte han heile den snøfrie årstida på fotballbana, om vinteren var han instruktør for ei damegruppe, og sjølvsagt var han kretsdommar i fotball.

 

I oversikta som Søvik har laga, nemner han desse som dei første oorganiserte fotballspelarane på Dale: Anton E. Rolland, Alf Bergesen, Normann Hop, Leofred Vaksdal, Lyder Ekanger, Johannes Mehus, Nils B. Seim, Olav M. Langhelle, Johannes Hop, Sigurd Hjertås, Georg Rønhovde, Hjalmar Stamnes, Evald Olsnes, Alvin Sellevold og Otto Dankertsen.

 

Det var altså på Nedre Eikhaugen dei samla seg. Før den tid hadde dei brukt området ovanfor jernbanestasjonen, men grustaket på nedsida tok meir og meir av området, så til slutt måtte dei gje opp plassen. Seinare fekk dei bruka to oppdyrka areal på Dalegården - men sjølvsagt var det kummerlege og vanskelege treningstilhøve dei hadde, så det vart mest trening og lite kampar ut av det.

 

Sommaren 1937 vart Dale Fotballklubb starta. Spørsmålet var om denne fotballklubben skulle gå inn som gruppe i Dale IL. Den nystifta fotballklubben var ikkje serleg lysten på det, og det såg ut til at dersom Dale IL skulle ta opp fotball som sport, måtte dei gjera det i konkurranse med fotballklubben. Det vart vedteke i 1940, og meininga var at dei skulle starta trening straks over påske. Men det vart ikkje noko av, det kom andre "gjestespelarar" til Dale i aprildagane 1940.

 

Dermed måtte saka venta, og først då krigen var slutt, hadde Dale IL fått si eiga fotballgruppe.

 

Dale Fotballklubb var likevel ikkje starten på organisert fotball på Dale. Før klubben kom til eksisterte klubben "Chicken". Dei dreiv fotballen på eiga hand, og ikkje var dei tilslutta krets eller forbund. Navmnet i seg sjølv er artig. Kvifor det vart navnet, er det ingen i dag som kan verta samde om. Alle meiner dei lærde det av engelskmennene, og kanskje var det ordet "kick" for spark engelskmennene meinte, at lagsnamnet kanskje skulle vore "Kickers" eller noko liknande. Men det var vel ikkje så mange på Dale som var støe i engelsk den gongen, så så dei fant på noko som i det minste likna. Vi får berre la teoriane leva side om side, anten at ikkje dalingane forveksla minst to engelske ord, eller så hadde dei sans for sjølvironi, for eit fotballag med namnet "kyllingane" dreiv ikkje med frøkenspoort. Namnet kan likevel tyda på at dei ikkje hadde ambisjonar om å nå heilt til topps i serie eller cup! 

 

 

 

 

 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org