Uavgjort i dramatisk debutkamp

Uavgjort i dramatisk debutkamp

Tre straffespark gav to mål og uavgjort 3-3 mellom Dale og Frøya på Geitabakken stadion laurdag.

Det vart  på mange måtar ein dramatisk kamp då Dale møtte laget frå Melkeplassen i Bergen i den første kampen i 4. divisjon sidan Martin Danielsen og Holger Sellevold var stjerner på det heimlege laget for ein liten mannsalder sidan. Tre gonger leia Dale. Men Frøya kom støtt tilbake.

 

FEM GULE

Gule kort flagra som haustløv i vinden. To straffespark til Frøya resulterte i berre eitt mål då dalemålmann Elias Tvedt på framifrå vis redda det eine. På den andre sida av banen skåra Kim André Njåstad sikkert på det eine av dei to straffe laget hadde hatt retten til. Men dette andre vart blindt oversett av ein domar som denne dagen ikkje kunne seiast å vere på parti med heimelaget, – noko også fem gule kort til eit hardt kjempande dalelag bar vitnesbyrd om.

 

VARSLA PROTEST

Men dramaet var slett ikkje slutt med dette. Korkje trenar eller oppmann hjå Dale hadde fått med seg dei nye reglar i divisjonen som seier at ein spelar som er bytta ut, ikkje kan byttast inn att, og dermed varsla Frøya protest etter at nettopp dette skjedde i kring eitt minutt på Geitabakken laurdag. At ein domartrio ikkje fekk med seg dette stuttvarande regelbrotet, må me tru talar til fordel for Dale og duoen Fotland og Karstensen. Alternativt bør vel ein omkamp på Dale vere det rette svaret på ein slik liten regelsvikt hjå  dei to partar, og ikkje poengtap for det kunnskapslause laget.

 

TONNY…

Det publikum i alle fall fekk med seg frå Geitabakken laurdag, var at Dale held det nivå som er nødvendig for å hevde seg i divisjonen. For det var heimelaget som heile tida førde kampen i målprotokollen. 1-0 til Dale kom etter ei utsøkt vending av spiss Tonny Tysnes. Etter kring 35 minuttar i første omgang narra han bort det som var av forsvar hjå Frøya, forserte frå kanten mot buret og plasserte ballen i det lengste hjørrnet og i mål.

Men berre fem minuttar seinare stod det 1-1 då daleforsvaret i nokre avgjerande sekund sovna så kollektivt at ein frøyaspelar heilt åleine kunne sette ballen roleg  i mål frå kring 16 meter.

1-1 til pause.

 
Dale-Frøya 052.JPG

HISTORISK 1-0: Dalespelarane kan juble etter å ha skåra mål i 4. divisjon for første gang på ein liten mannsalder. I sentrum for jubelen “skåringsmaskinen” Tonny Tysnes. FOTO HELGE ARILD BOLSTAD

 

..OG TONNY

I andre omgang fekk me til fulle sjå at Dale har eit lag på gang som er kondisjonsmessig sterkt. Alt etter fire minuttar var Tonny Tysnes igjen frampå, denne gongen med eit knallhardt skot frå kring åtte meter plassert oppe i nota. I kring 25 minuttar stod stillinga seg, men heile tida med Dale som det førande laget. Dette endra seg  brutalt då Dale igjen var heilt utan sikring i forsvaret og ein spelar frå Frøya kunne springe inn og skåre med ein ball han mottok i ope bakrom. Spelet jamna seg ut.

 

STRAFFE PÅ STRAFFE

Så redda først dalemålmann Elias Tvedt eit straffespark og held spenninga i kampen ved like. 3-2 til Dale kom så etter eit korrekt idømt straffespark. No hardna kampen til og publikum ropte fornuftig nok på eit nytt straffespark til Dale like etter. I staden var det Frøya som blei tildelt eit slikt i det 40. minutt, skåra på dette og fastsette resultatet til 3-3.

 

GODT NØGD TRENAR

Det var ein godt nøgd daletrenar Knut Bjarne Fotland som uttalte seg rett etter kampen: - Det vart kanskje vel dramatisk dette, på grunn av ei litt underleg døming, meinte Fotland. – Det er sjølvsagt litt bittert å miste poeng i ein kamp me leier tre gongen. På den andre sida viser kampen at me held nivået i denne divisjonen og at me har den fysiske og mentale styrken som skal til for å kome frå slike kampar med stor ære. Det var i utgangspunktet eit av dei beste 4. divisjonslaga i Hordaland i fjor me no møtte. Det må me i ein slik samanheng ha i tankane, seier han.

Dale-Frøya 032.JPG

PÅ RUMPA: Dalespiss Tonny Tysnes vart godt oppassa, men var ein stadig trussel mot frøyaforsvaret. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

STØRRE FART, MEN…

Dale har då også tvillaust større fart i spelet sitt enn det laget hadde i fjor. Men enno finst det grep som må takast. Keeper Elias Tvedt skal ha kreditt for å ha redda eit straffespark medan kampen stod og vippa. Men nokre utspark ut og over sidelina trekkjer inntrykket  noko ned. Forsvaret fungerer på det beste bra, men av og til vert dette spelet for omstendeleg og i to avgjerande stunder laurdag fekk småspelet der bak konsekvensar i form av mål mot Dale. Frå forsvar og midtbane vart framspela i denne kampen altfor ofte upresise og gav rom for raske kontringar. Medan Tonny Tysnes, med sine to mål, også var eit trugsmål mot frøyaforsvaret dei gongar han fekk ballen, var spisskollega Dan Børge Høvik uvanleg tung og treg og langt frå den form han tidvis viste i fjor.

Men alt i alt; ein kamp frå Dale si side som lovar godt for resten av sesongen. Neste kamp skal kjempast mot Laksevåg fredag 20. april klokka 19.00. Også då vert arenaen Geitabakken stadion på Dale.

 

Frå Geitabakken Stadion:
Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org