Dale overbeviste mot Laksevåg

Dale overbeviste mot Laksevåg

Dale slo Laksevåg 3-1 etter ein glitrande andre omgang på Geitabakken stadion fredag kveld.  Tonny Tysnes sende to nye ballar på utsøkt vis i nettet. Berg med årets mål?

I 35 minuttar vart det sparka ball i meir hytt enn pine på Geitabakken kunstgrasbane seint fredag kveld. Så fann dalelaget ut at sporten med stor fordel kan spelast langs bakken, og frå den tid og kampen ut vart dei kring 200 som følgde striden frå sidelina, vitne til eit heimelag som som både ville og kunne dominere ein batalje mot eit lag som i fjor var mellom dei beste i si avdeling av divisjonen over Dale.

 

STOLPE UT

Dette resulterte straks i fleire fine sjansar for Dale. Det toppa seg då uheldige Stian Berg skaut hardt i stolperota, fekk sjølv tak i returen, men plasserte denne endå ein gong i metallet, - denne gongen i tverrliggaren. Då var det nok fleire enn Berg som trudde Dale denne kvelden møtte sjølvaste (F)laksevåg frå Bergen.

For no kom gjestane tilbake i kampen og skapte to gonger stor uro i daleforsvaret. Ei redning på strek og ei fin utrusing av keeper Elias Tvedt avverga imidlertid skåring imot, og eit dalelag kunne gå til pause med eit resultat som lova noko endå betre.

DALE mot LAKSEVÅG 022.JPGUNDER PRESS: Laksevåg var under stadig press då Dale etter 35 minuttar fredag tok til å spele fotball langs bakken. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

TYSNES SPESIAL

Dale har både spelarar og eit system i spelet sitt som held det nødvendige nivå i denne divisjonen. Det har dei to første kampane dette året synt og dette vart til fulle demonstrert etter kvilen fredag kveld. Inn på banen kom då kroppssterke Dan Børge Høvik som med fine vendingar og sikker pasningsfot straks oftare fekk fart på ballen langs bakken og framover. 1-0 til Dale kom likevel etter ein enorm soloprestasjon av toppskårar Tonny Tysnes. Med tre spelarar rundt seg og tett i seg, fekk Tysnes rive seg laus, sprang frå det som var av innpåslitne byfolk og plasserte ballen hardt til sides for keeper. Dette var Tonny Tysnes slik den karen plaga all motstand så mange gongar på det lågare nivå i fjor.

 

ÅRETS MÅL?

Var Stian Berg uheldig i første omgang, så var han både heldig og dyktig kvarteret ut i den andre. Frå kring 28 meter høyrde keeper knapt suset av ballen då den passerte forbi  og i nettet så tett under tverrstonga at det knapt var plass til eit dommarkort mellom ballen og metallet. Og no følgde sjanse på sjanse for eit fint spelande dalelag. Den største hadde tvillaust Dan Børge Høvik, dynamoen i laget, som nikka ballen over ope mål frå kring fire meter. Likevel var det Laksevåg som skåra og reduserte leiinga ein halv time ut i omgangen, då eit hjørnespark vart heada vel plassert forbi ein sjanselaus keeper Elias Tvedt i dalemålet.

Avgjerda kom kring fem minuttar før kampslutt, og igjen var det Tysnes som viste fram talentet for ballkontroll. Frå halvt sitjande stilling lempa han ballen så passe hardt og så passe vel plassert at den tilreisande keeper ikkje heilt visste kva fot han burde ha stått på akkurat då. Og med 3-1 til Dale lova pøbbvert Gerry spontant “happy hour” til klokka tolv denne kvelden.

 

BRANN NESTE

Trenar Knut Bjarne Fotland er ikkje så overraska som mange andre over den posisjonen Dale har innteke etter to kampar på det høgare nivå enn i fjor.

-Etter ein jamspela første omgang, tek me igjen over kampen etter pause. Det er dette laget er trent for å gjere. Det er i vinter blitt lagd stor vekt på mengde- og styrketrening. Dette får me no betalt  for i kampane mot både Frøya og Laksevåg. Teknisk hadde me spelarar som var gode nok også i fjor. No har me heilt medvite trena oss opp på det nye nivå også når det gjeld fart over tid, - eit vilkår for å halde seg i divisjonen. For framleis er dette målet, ifølgje Fotland; å unngå eit hurtig sorti frå eit nivå i norsk fotball Dale ikkje har vore på sidan 1979.

Neste kamp for Dale vil vere klokka 15.00 på sjølvaste 1. mai. Då vil laget møte Brann 3 med  den tidlegare dalespelar Rune Soltvedt som trenar. Den dagen bør ikkje demonstrasjonsstoget stogge ved paviljongen på Laugardsflåten, men halde fram som daleekspressen til Geitabakken kunstgrasbane.

 

Frå Geitabakken stadion: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org