Branntilløp sløkte av fysiske Dale

Branntilløp sløkte av fysiske Dale

Dale slo Brann 8-3 på Geitabakken kunstgrasbane tysdag 1. mai. Fem av måla vart sette inn av ein ustoppeleg Tonny Tysnes.

Det unge Brann 3-laget var slett ikkje utan kvalitetar. Faktisk hadde laget frå Bergen i store delar av kampen ballen meir enn heimelaget. Men i heilt avgjerande situasjonar vart laget for fysisk veikt, noko også trenaren Rune Soltvedt (tidlegare storskårar for nettopp Dale) slo fast under ein samtale i pausen. – Dette er nok det svakaste laget me kan stille med dette året. Omstende gjer at me er her på Dale med t.d. fire gutespelaerar i forsvaret. Alle kan jo sjå at desse vert altfor lette i duellar med dalespelarar som Tysnes, Høvik og Njåstad. I tillegg har Dale vore ekstremt effektive, meinte Soltvedt på stillinga 4-0.

 

4 MINUTTAR, 2 MÅL

Og nettopp effektiviteten prega Dale frå første stund. Etter berre fire minuttar var stillinga 2-0 til dalelaget. 1-0 kom etter at Dan Børge Høvik steig til vêrs og nikka overlegent inn eit innlegg frå kanten signert Tonny Tysnes. To minuttar seinare fekk Dale det straffesparket som dei kanskje burde hatt minuttet før. Sikker utøvar frå 11 meter var Kim André Njåstad, ein ny mann på Dale som i det stille er blitt motoren på midtbanen hjå Dale.

 

STANG UT FOR BRANN

Så tok Brann ein kort periode over banespelet og berre ei prima redning av dalemålmann Elias Tvedt hindra ei fortent redusering. Men då kampbiletet var i ferd med å vippe mot Dale, viste den karen seg fram som gjer at heimelaget denne våren må reknast som ein aspirant til tetskiktet på nivå fire i hordalandsfotballen: Tonny Tysnes tek ballen elegant ned, spring gjennom og frå brannforsvaret og skårar sikkert åleine med keeper. Likevel er det like etter stang ut for Brann, etter at dalemålmann Tvedt minuttet før hadde ein sterk redning frå strek.

 

TVEDT REDDA STRAFFE

Så sette Dale igjen opp farten. Ei ny gjennomløping frå kant av Tonny Tysnes såg dei kring 400 tilskodarane i mål, men denne gongen feila Tysnes med eit av sine skjeldne sleivspark på ballen, før same mannen to minuttar seinare gjorde bot med eit hardt skot i mål frå kring 20 meter . På overtid i første omgang vart Brann så tildelt straffespark. Gispet til branntrenar Rune Soltvedt kunne høyrast like til Øvre Eikhaugen då dalemålmann Elias Tvedt var nede ved stolperota og redda eit litt laust, men vel plassert, spark frå straffemerket. 4-0 til Dale ved kvilen.

 

MEIR TYSNESSHOW

Andre omgang tok til som den første, og var berre fire minuttar gamal då Tonny Tysnes igjen viste sine ekstreme evner som måljeger. Denne gongen mottok han ballen kring seks meter frå mål, la den til rette på godfoten og sende den i ein oval boge forbi keeper og inn i buret. Nye sjansar til begge lag og ein ny feberredning av Dale sin målmann følgde no i ein periode av kampen då spelet bølgja fram og attende på Geitabakken kunstgrasbane. 6-0 til Dale kom i det 25. minutt av omgangen og igjen var det Tysnes som frå skrått hald skåra frå denne gongen åtte meter.

Dale-Brann Tonny.JPGTOPPSKÅRAREN: Med fem nye mål befesta Tonny Tysnes stillinga si som toppskårar også på dette nivået i Hordaland. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.


 

DALEÆTTLING REDUSERTE

Daleforsvaret hadde så langt i kampen gjort ein god og sikker jobb, hadde nekta all motstand bakrom og hadde, med få unntak, hatt presise framspel. No må dei ha meint at jobben var gjort, for plutseleg fekk det unge brannlaget meir plass enn dei hadde bruk for. Reduseringa til 6-1 tyktes lettkjøpt, før Tonny Tysnes igjen viste klasse og gjorde sitt siste for dagen. Sitt siste hadde ikkje Brann gjort. 7-2 kom etter eit pent langskot frå Joakim Soltvedt, forresten barnebarn til den legendariske dalespelar Per Soltvedt femti år attende i tid. Og sanneleg reduserte Brann endå ein gong, før Mattias Dahle fastsette sluttresultatet til 8-3 etter å ha tatt ballen frå overivrige brannspelarar på midtbanen. Det lange løpet åleine med ball resulterte i eit hardt skot forbi keeper og i mål.

 

SANDVIKEN NESTE

Neste kamp for Dale blir mot Sandviken frå Bergen. Også den kampen skal spelast på Geitabakken kunstgrasbane. Med fem skåringar tysdag, har Tonny Tysnes befesta stillinga som toppskårar i denne divisjonen i Hordaland. Til saman står Tysnes no med ni mål etter tre kampar. Det har nok også trenarteamet til Sandviken notert seg i treningsmanualen. Men vil det hjelpe dei laurdag som kjem?!

Den som dreg dit får sjå.

 

Frå Geitabakken kunstgrasbane: Helge Arild Bolstad.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org