Puslete Dale vann til slutt

Puslete Dale vann til slutt

Sandviken leia kampen, men to fine enkeltprestasjonar berga 2-1 til Dale i haglbygene på Geitabakken kunstgrasbane.

Etter 8-3 mot Brann 1. mai, var vonene til ein ny stor kamp skyhøge blant eit forbausande talrikt publikum i uvêret på Dale laurdag. Men dette var ikkje dagen då heimelaget ville vise fram det dei i gode stunder kan. Første omgang var i så måte pinleg dårleg for alle andre på laget enn keeper Elias Tvedt. Med tre-fire avgjerande inngrep, var det målmannen frå Stanghelle som sikra Dale ei heldig 0-0-stilling ved pause.

 

PUSLETE DALESPEL

Kraftkaren Dan Børge Høvik var denne dagen ute med ryggskade. Det manglande angrepsspelet kan kanskje forklarast noko med dette fråveret. Men fråveret kan slett ikkje forklare at laget i 60 minuttar av kampen så å seie kollektivt pusla ballen bort til ein motspelar så snart den var fanga. Alt skulle elles innom Kim André Njåstad og når også denne vanlegvis så sikre midtbanestrategen gong på gong slurva vekk ballen, vart dalespelet like ofte rive opp av eit bergenslag som i store delar av kampen synte langt større vinnarvilje enn det Dale gjorde.

 

MÅL MED FORVIRRING

Klok av andre lags skade, hadde Sandviken sett av to mann til å passe opp skåringsmaskinen Tonny Tysnes; ein tett ved han og ein annan som sikring bak. Daletrenar Knut Bjarne Fotland valde derfor å dra Tysnes tilbake på banen ved starten av andre omgang utan at dette såg ut som den sigersformel han hadde sett si lit til i pausen. Det var tvert om Sandviken som etter kring 16 minuttar i andre omgang tok leiinga med eit skot som folk flest såg i mål, men som både domar og dalebenk i første omgang såg i stolpen og ut. Kraftige protestar på kav bymål frå sidelina gjorde at ein usikker domar etter ei tid stogga kampen, konfererte med ein litt mindre usikker linemann og godkjende målet til rasande utfall frå ein daletrenar som der og då sverta alt som svartkledd var denne dagen på Geitabakken stadion.

 

TIANDE FRÅ TYSNES

Hadde dei aktive frå Dale så langt ut i kampen geispa i takt med publikum, vart dette den hendinga som vekte kollektivet til kamp og ny dåd. Plutseleg vart det sprunge og kjempa slik me har sett laget før i år har evne til. Ballen gjekk kjappare og meir i lengderetning. Ei fin heading av Tonny Tysnes strauk over tverrliggaren minuttet seinare, medan eit hardt skot frå Stian Berg i det 25. minutt hadde nesten-retning mot målet. Den etter kvart vel fortente utlikninga kom etter ca 27 minuttar. Med litt hjelp frå ein sandvikenforsvarar, fekk Tonny Tysnes ballen over og forbi oppassarane sine og skåra sikkert åleine med keeper, hans tiande mål denne sesongen.

 

MIDTTUN BEST FOR DALE

Avgjerda kom kring 10 minuttar før slutt då Ørjan Midttun frå sin backplass fanga ballen og sprang med denne over halve banen før han plasserte kula elegant og sikkert forbi keeper og i mål. Ein jury kåra same Midttun til beste dalespelar. Den rosen kunne i denne kampen like gjerne ha tilfalle målmann Elias Tvedt. Neste kamp, den første borte for Dale, går mot Nordhordland laurdag som kjem.

 

 

FOTO A Dale-sandviken.JPG

INNESTENGD: Dalespelarane vart i store delar av kampen stengde inne av eit Sandvikenlag med ein tilsynelatandestørre vilje til å slåst for poenga. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 FOTO B Dale sandviken.JPG

FRÅ SIDELINA: Dei få gongane det i første omgang var farleg framfor Sandviken sitt mål, kom ballen oftast frå cornerflagget eller etter innkast. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD

 

 

 

Frå Geitabakken kunstgrasbane: Helge Arild Bolstad.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org