Soloraid og godt forsvar sikra Dale tre nye poeng

Dale vann med eitt mål mot Nordhordland på bortebane. Eit utsøkt raid av Ørjan Midtun og  eit vake løp av Stian Berg avgjorde kampen.

Dale skulle laurdag ut i sin første bortekamp denne sesongen, og den første på naturgras. Det var såleis ein spent daletrenar Knut Bjarne Fotland som før kampen håpa på det beste og frykta det verste. Etter kampen kunne Fotland litt letta konstatere at laget han leier, har både vilje og evne til å kjempe for ære og poeng også i kystnær motvind.

 

SJANSEFATTIG FØRSTE OMGANG

For det var nettopp i den kraftige motvinden i andre omgang at Dale i ein periode tok tak i kampen og gjorde den til sin. Medan medvinden i første omgang stort sett resulterte i lange og lite farlege framspel, var Dale fleire gonger farleg frampå med fint kontringsspel etter kvilen.

Nokre gode sjansar for Dale kunne me likevel notere på blokka dei første 45 minuttane. Den første store målsjansen kom etter 27 minuttar då Tonny Tysnes skaut hardt, men rett utanfor stolpen. Eit nytt langskot minuttet seinare, signert Ørjan Midtun, vart pent redda med fast grep av Nordhordland sin målmann i ein periode av omgangen der Dale hadde eit bra grep om kampen.

Eit hardt skot mot dalekeeper Elias Tvedt gjekk rett over tverrliggar og avslutta første omgang med eit for så vidt greitt uavgjort resultat; 0.0.

 

PRESS IMOT OG GODT FORSVAR

Med vinden i ryggen satsa Nordhordland alt laget hadde å by på i andre omgang. Ei tid såg dette ut til å vere meir enn godt nok for eit dalelag som i ti minuttar hadde meir enn nok med å forsvare seg mot presset. Det eine åtaket mot det andre rulla opp mot kring 20 meter frå dalemålet, men vart der stogga av ivrige dalebein som på mirakuløst vis fekk beina ballen ut og vekk frå farleg sone. Så sånn enda dei fleste forsøk frå Nordhordland si side utan dei avgjerande trekk som skapar mål i ein jamn kamp. Forsvaret til Dale var i denne kampen så kontant som det i blesten var nødvendig for å få ballen bort frå skothald.

 

MIDTUN TIL BERG OG I MÅL

Så medan Nordhordland pressar som sterkast, skjer det som gjerne skjer i slike situasjonar; det vert effektivt kontra. Venstreback Ørjan Midtun hjå Dale kjempar til seg ballen på eigen banehalvdel, forserer i stor fart langs sidelina, vert takla, slit ballen til seg igjen, skrur opp farten, rundar det som er av motstand og legg frå dødlina inn til den mannen han ser med eit godt løp har sprunge seg heilt fri kring 16 meter frå mål. For nettopp der hadde Stian Berg det romet han trong, mottok ballen frå Midtun og plasserte den hardt og sikkert i mål med innsida av foten. Ei «klasseskåring» av Berg basert på samarbeid med Midtun. Det Midtun gjorde med ballen dette knappe halvminuttet var tvillaust den største prestasjonen denne dagen på Knarvik stadion. Då hadde det gått 13 minuttar av andre omgang.

 

KJEMPESJANSE PÅ OVERTID

Resten av kampen gjekk for Dale sin del med til å forsvare seg. Nordhordland fekk putta  ein ball i mål etter 15 minuttar, men skåringa vart korrekt annulert for offside. På overtid hadde Dale likevel den største sjansen i andre omgang. Fotrappe Eivind Johansen sprang elegant forbi det som fanst av forsvarande lindåsstrilar, la ballen til rette åleine med ein usikker keeper, men valde å skyte hardt og utanfor i staden for å ta det neste steget og trille ballen forbi .



NBK - Dale.JPG

Fotrappe Eivind Johansen skapte mange problem for forsvaret til Nordhordland på Knarvik stadion laurdag. Men  då han var åleine med keeper på overtid, vurderte han situasjonen galt. Likevel var daletrenar Knut Bjarne Fotland bra nøgd med mannskapet sitt. – Me skåra på vår første bortekamp og vann på ein dårleg dag. Då skal ikkje eg her og no klage. Vurderinga får me ta nærare opp på neste trening, slær Fotland fast. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

TRENAREN ROSAR MIDTUN

-Me vinn med eitt mål på ein dårleg dag, konstaterte daletrenar Knut Bjarne Fotland etter kampslutt. Om skåringa fortel han dette: - Som i kampen mot Sandviken, ser me kor kjapp og frekk Ørjan Midtun kan vere frå backplassen sin. Her har Dale eit angrepsvåpen som gjer at andre lag ikkje berre kan konsentrere seg om spissane våre. Akkurat det kan Fotland vere glad for etter ein kamp der forsvaret bar børa og korkje Dan Børge Høvik eller Tonny Tysnes kom opp på det nivå desse er frykta for.

Kim André Njåstad var i denne kampen utilgjengeleg etter tre gule kort.

Heime på Geitabakken er Dale vane med å spele for 2-300 tilskodarar. På flotte Knarvik stadion var det like mange tilreisande frå vår kommune som såg kampen, som det var frå Lindås; i alt ca 50 stykker.

 

Frå Knarvik stadion: Helge Arild Bolstad.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org