Telavåg overkøyrde Dale

Dale svikta i begge endar då laget gjekk på sitt første tap denne sesongen. Midtbanen fann ikkje fram, og heller ikkje tilbake.

dale mot telavåg 045.JPG

NÆRE PÅ: Det vart stort sett med halvsjansar for Dale då laget gjekk på sitt første nederlag i serien denne sesongen. Eit  godt lag frå Telavåg vann komfortabelt 4-1 over heimelaget Dale. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

TREGT OG UPRESIST

Telavåg slo Dale 5-1 på Geitabakken kunstgras laurdag. Eit dalelag som kom til kort i båe endar, gjekk heilt fortent på sitt første nederlag denne sesongen mot eit ivrig kjempande Telavåg. Men tapet var i største laget, objektivt sett.

Skal ein vinne fotballkamper, er det første vilkår at kvar og ein på laget maktar å levere ballen vidare til den ein er på lag med. Det greidde Dale så bedrøveleg sjeldan denne dagen på Dale kunstgras. Det eine framspelet etter det andre vart servert til,  og plukka opp av, eit hardt kjempande telavågforsvar, og når gladiotorane frå Dale blei så altfor trege dei mange gonger Telavåg kontra, var nedelaget ikkje til å unngå.

 

DALE BEST UT  FRÅ START

Det såg frå start godt ut. Dei kring 200 patriotane langs sidelina fekk sjå eit dalelag som tok grep om kampen frå første minutt. Det resulterte i ein farleg dalesjanse etter fire minuttar, medan ein panikkslegen telavågkeeper minuttet seinare var nær ved å sleivsparke ballen i eige mål. Etter åtte minuttar kunne eit godt nøgd heimepublikum gle seg over eit solid press frå Dale si side.

 

FORSVARSROT OG SJØLMÅL

Men berre så lenge hadde daletrenar Knut Bjarne Fotland opphald i det forventa Paradis. Slukøyra måtte Fotland sjå at Telavåg etter  ni minuttar tok leiinga då eit frispark frå langt hald vart nikka vidare i mål av ein spelar som fekk stå usjenert åleine på kring fem meter. Og verre skulle det bli etter nytt rot i daleforsvaret: Ei dårleg avklaring gav Telavåg eit heilt uturvande hjørnespark som vart ekspedert indirekte i mål og 0-2.  Og då ingen trudde at verre tabbar kunne gjerast,  skulle det bli 0-3 som uheldig sjølvmål då eit framleis hardt pressa daleforsvar oftare og oftare vart tvinga inn i eigen boks .

 

ANNULERT TELAVÅGMÅL

 Presset frå gjestande lag heldt fram etter desse gåvene frå Dale.  Eit nytt mål for Telavåg vart annulert av domaren. Paniske og upresise framspel til dalespiss Tonny Tysnes enda like ofte som kontringsforsøk frå Telavåg si side. Eit unødvendig langskot frå Kim André Njåstad vart enkelt fanga opp av ein lenge no heilt utruga målmannfrå Telavåg. Ein trippelsjanse for Dale, med to redningar på strek, sette så publikum i ein mellombels ekstase, før Telavåg igjen overtok ballen og plasserte den for fjerde gong forbi ein feilaktig utrusande dalekeeper og i mål. Tabben gjorde Elias Tvedt opp for med ein «feberredning» etter 41 minuttar, men denne og ein ny daleredning med hovudet på strek, kunne ikkje skjule det faktum at Dale ved pause var blitt retteleg audmjuka av eit lag frå eit lite fiskevær på søre Sotra.

 

EIKEFET ORDNA REDUSERING

 Andre omgang tok til som den første: Dale tok initiativet. Keeper hjå Telavåg måtte etter berre eitt minutt gje retur på eit knallhardt langskot frå Tonny Tysnes, men ingen frå Dale var så nær buret at situasjonen kunne ende som målsjanse. Dale pressar no Telavåg stadig oftare bak på banen utan at dette resulterer i meir enn halvsjansar, og i det ellevte minutt  er det berre ein ny redning frå strek som hindrar Telavåg i å leggje på til 0-5. Spelet jamnar seg no ut. Telavåg har sine forsøk på gjennomspel, før ein flygande Dan Børge Høvik i det 24. minutt headar hardt rett utanfor mål etter eit fint daleåtak.  Eit langskot av Stian Berg i det 33. minutt tek så retning rett over tverrliggaren, før Eirik R Eikefet fem minuttar seinare haustar avmålt jubel for det reduseringsmålet som skulle fastslå resultatet til 1-5 på Geitabakken den dagen kulda kom like uventa som det puslete spelet  til Dale.

Neste kamp er borte mot avdelingsleiar Lysekloster i Os. Me kan frykte det verste og håpe det beste når første fredag kjem.

Frå Geitabakken stadion: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org