Duellspelet sviktar for Dale

Duellspelet sviktar for Dale

Lysekloster slo Dale heile 6-0 i Lysekloster idrettspark fredag kveld. Eit temposterkt heimelag overkøyrde eit duellsvakt dalelag i store delar av kampen. Berre ein dristig, heldig og god målmann berga Dale frå endå styggare siffer.

STRESS OG BALLTAP

Det vart ingen opptur for Dale då laget fredag kveld skulle revansjere 5-1 tapet for Telavåg sist helg. Eit temposterkt og ballsikkert heimelag overkøyrde eit Dale som får store problem med å spele seg ut or pressa situasjonar.  Som mot Telavåg sist laurdag, resulterer stresset i lange og høge framspel som vert enkelt plukka ned av eit motstandarlag som straks kontrar med finspel langs bakken. I alle fall fire av måla i Lysekloster idrettspark fredag kom etter slike unødvendige balltap frå Dale si side.

 

BRA MED FRÅ START

Etter berre to minuttar avverga dalemålmann Elias Tvedt skåring med ei flott redning. I nokre  minuttar vidare var Dale faktisk godt med i kampen. Eit innlegg frå fin posisjon vart blokkert av ein lyseklosterforsvarar og Dan Børge Høvik var i ferd med å bryte gjennom forsvarsmuren til Lysekloster då spelet vart avblåst. Etter denne forrykande opninga, dabba spelet av og bølgja ei tid fram og attende utan dei heilt store sjansane til nokon av laga. Lysekloster har eit skot i tverrliggar etter kring 11 minuttar og frå den hendinga tek  heimelaget meir og meir over ballen og spelet. 1-0 kjem då ein lyseklosterspelar får ta imot ballen heilt åleine og frå kring 16 meter skyt hardt til sides for keeper og i mål.

 

TAPER MANN MOT MANN

Etter at dårlege mottak frå Dale si side har gjeve mange sjansar imot, kjem 2-0 etter 35 minuttar og 3-0 berre fem minuttar seinare. Ei fin vending av dalespiss Tonny Tysnes resulterer i det 41. minutt i eit hardt skot rett på keeper. Eit knallhardt skot frå skrå vinkel vert to minuttar seinare glimrande redda av dalekeeper Tvedt, så 3-0 ved halvtid var etter både spel og sjansar vel fortent.

-          Dei er langt raskare enn oss etter ballen. Me taper så å seie alle duellar, kunne ein skuffa daletrenar Knut Bjarne Fotland, slå fast i pausen.

 

LOBB, KAOS OG FINSPEL

Etter at Elias Tvedt berre 2 minuttar ut i andre omgang hadde hindra ny skåring med ei fenomenal eihandsredning, laut dalemålmannen innsjå at stillinga nokre minuttar seinare vart eitt mål verre. Tvedt rykte ut på eit farleg framspel som ein av Lysekloster sine spelarar fekk nå først i. Han lobba ballen elegant over Tvedt og i mål. 5-0 kom etter kaos innanfor Dale sin femmeter. Eit laust skot vart i første omgang redda på strek, før returen vart greitt plassert inne i buret. Den siste spikaren i dalekista vart derimot banka inn etter eit glitrande samspel eit kvarters tid før slutt. Då kunne Lysekloster setje inn på banen det dei hadde av innbyttarar, og også slik demonstrere overmakta denne fredagen i Os.

 

MØTTE EIT STERKT LAG

Også Dale hadde nokre halvsjansar i andre omgang. Eit frispark for Kim André Njåstad frå kring 20 meter gjekk rett i muren av forsvararar. Tonny Tysnes hadde eit par skot til sides for mål. Eit skot frå Mathias Dale vart blokkert til corner. Dessutan kunne det sjå ut som om Dale tykte seg snytt for straffe på stillinga 4-0. Men det var først og fremst keeper Elias Tvedt som også i denne omgangen utmerka seg på gjestande lag.

-          Me lyt ha ein alvorleg prat saman når me møtest att på trening måndag, seier daletrenar Knut Bjarne Fotland etter kampslutt. – Dette er for dårleg. Det vert brukt altfor mykje energi på negative tankar. Men når det er sagt; me møtte eit godt lag i dag. Lysekloster har greidd å hente til seg spelarar frå mange kantar av landet. På banen her i dag var det fleire med erfaring frå både 3. og 2. divisjon i norsk fotball, slår ein likevel skuffa Fotland fast.

 

dale versus lysekloster 011.JPG

Dale vart hardt pressa og stressa i ein kamp laget tapte 0-6 i idylliske Lysekloster idrettspark. Best hjå eit dalelag som ikkje lenger heng saman, var keeper Elias Tvedt. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

dale versus lysekloster 001.JPG

Trenar Knut Bjarne Fotland varslar ein alvorleg prat med spelarane sine når dei møtest att til trening måndag. Optimismen lyser ikkje akkurat frå andleta til midtbanestrateg Kim André Njåstad og målmann Elias Tvedt. – Altfor mykje energi vert brukt på negative tankar, meiner ein skuffa Fotland som har fått med seg 1-11 i sekken på dei to siste kampane. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org