Dale gjekk på sitt tredje tap

Tonny Tysnes var tilbake i skåringform. Kim André Njåstad sette inn straffe. Likevel tapte Dale heimekampen mot Lyngbø 3-5 fredag kveld etter vaklande sikringsspel.

Omlag slik kan ein summere kort opp kampen på eit råkaldt Geitabakken kunstgras seint fredag kveld. Dale gjekk på sitt tredje tap på rad og igjen var det ei  tverrsover-spelande midtbane og eit usikkert backpar som gong på gong skapte opningar for fotrappe karar frå ytre Laksevåg.

 

SIDELANGS PÅ MIDTEN

Første omgang var i så måte ein liten «katastrofe».  Lyngbø vart gong på gong  møtt av ein joggande motstand. Kaptein og midtbanestrateg Kim André Njåstad er ein teknisk god og elegant ballbehandlar, men dei gongar han ikkje umiddelbart finn opningar mot spissparet Tysnes og Høvik, har han ein lei tendens til å oversjå  kantane av banen. I staden vert det invitert til eit småspel fram og tilbake eller sidelangs på midtbanen,  - noko som  altfor ofte fører  til farlege situasjonar for Dale når ballbrotet kjem og  backane har gått fram langs kanten i eit tappert håp om å få motta ballen.

Slik fekk også Lyngbø store bakrom å boltre seg på i kampen fredag. Innlegg etter innlegg vart sende frå kant mot dalemålet og mest like ofte førde desse  innlegga frå bakromet til hjørnespark og nye sjansar for Lyngbø.

Dale hadde sant nok óg sine sjansar også i første omgang. Likevel  laut eit – denne gongen – fåtalleg publikum sukkande konstatere at spelet for det meste gjekk føre seg på Dale sin halvdel av banen.

 

FIN START AV DALE

Dale har dette året hatt ein tendens til å gje frå seg initiativet frå start. Det skjedde ikkje fredag. Rett etter avspark heada Dan Børge Høvik til sides for mål etter eit presist innlegg frå Tommy Olsnes, og minuttet seinare testa Tonny Tysnes skotfoten utan å treffe målet.  Så, etter ti minuttar, ventar alle dalemål. Tonny Tysnes slit seg fint fri og stormar åleine mot mål, men mislukkast i å setje ballen mellom beina på keeper og i nettet.  I denne situasjonen hadde kanskje eit hardt skot til sides for  målmann vore ei vel så trygg løysing.

 

LYNGBØ OVERTEK

Og då Lyngbø – mot gangen i spelet -berre minuttet seinare sende ballen i dalemålet med eit fint skot i krysset, gjekk mykje av lufta  ut or daleballongen. Oppmuntra av medgangen pressa Lyngbø Dale lengre og lengre bakover på banen. I ein periode på kring åtte minuttar var dalelaget så å seie ikkje over midtbanestreken. Det var såleis ikkje uventa at Lyngbø i det  19. minutt kunne plusse på eit mål, sjølv om resultatet kom etter ein grov feil i bakre rekkje hjå Dale. Keeper Elias Tvedt rykte ut for å bøte på skaden, men vart narra av ei fin  finte og Lyngbø kunne  utan meir motstand sende ballen enkelt i mål til 0-2 ved pause.

 

TYSNESSKOT OG GULE KORT

For så mykje meir er det ikkje å referere frå resten av første omgang.  Ingen frå Dale var på plass då keeper måtte gje retur på eit knallhardt skot frå Tysnes.  Ei heading frå Andreas Erstad finn vegen utanfor stolpen. Den same Erstad og Ørjan Boge får kvar sitt gule kort. Nærast skåring er Lyngbø med først eit skot i tverrliggaren og så ein ball som lyngbøspelaren  framfor mål på forunderleg vis  klarar å få over tverrliggaren frå kloss hald. Der burde bortelaget ha avgjort kampen. Ein omgang der Lyngbø er det klart dominerande laget vert avblåst.

 

ETTERLENGTA SKÅRING…

Eit eller anna vitugt må daletrenar Knut Bjarne Fotland ha alvorleg repetert for spelarane sine i pausen. Kanskje noko så sjølvsagt som at dersom eit lag vil vinne fotballkampar, må det kjempast ein for alle og alle for ein undervegs i kampen. For frå første spark på ballen fekk me no sjå eit heimelag som slåst for æra si. Den eine farlege sjansen etter den andre vart ei tid no skapt med kraft og fart, og i det 7. minutt kjem endeleg reduseringa signert spissparet Høvik og Tysnes. Ein flott flikk av Dan Børge Høvik  finn opninga fram til Tysnes som skyt ballen hardt og velplassert i mål. Etter tre kampar utan nettkjenning, var nok dette ei etterlengta stund for både han, laget og publikum.

 

…OG NY DALE «BLACK OUT»

Lyngbø kjempar seg likevel litt meir tilbake i kampen. Eit langskot frå Kim André Njåstad vert såleis det næraste Dale kjem ein kort periode, og  når daleforsvaret let ein lyngbøspelar stå  heilt åleine bak seg ved eit innlegg  frå sidelina, er status gjenoppretta. Frå kring fem meter kan han heilt upressa plassere ballen i mål. Her må den ansvarlege stoppar ha vore utsett for ein akutt «black-out. Så svimete såg i alle fall situasjonen ut frå sidelina.

 

DALE SKÅRAR OG SKÅRAR

Etter ein slik tabbe skulle me tru at viljen ville veikne hjå heimelaget. Dette skjedde ikkje. Dale tok med eit uventa stort pågangsmot igjen hand om kampen og fekk løn for slitet etter kring 19 minuttar. Dan Børge Høvik  headar ballen ned til Tonny Tysnes som elegant riv seg laus frå oppassar og skyt ballen hardt til høgre for keeper og i mål. Og berre tre minuttar seinare er det klart for meir dalejubel. Ørjan Midtun vert ulovleg stogga i feltet og Kim André Njåstad er, som vanleg, sikker frå straffemerket. 3-3 varma og skapte ny optimisme i kulda

STRAFFE.jpg
3-3: Dale kjempa hardt for sigeren i andre omgang. Lagkaptein Kim André Njåstad sette inn dette straffesparket som gav  Dale utlikninga til 3-3. Men eit solid dalepress førde ikkje fram. I staden fekk Lyngbø to nye lettkjøpte mål og Njåstad det raude kortet han bad om. FOTO: ARILD FOTLAND.

 

NY TABBE OG RAUDT KORT

Men Adam var lenger i sitt Paradis enn Dale i sitt, denne kvelden på  Geitabakken kunstgras. Møtande daleforsvarar ryggar og rygger til Lyngbø kjem seg heilt upressa innanfor 16-meteren og på skothald. Elias Tvedt reddar på meisterleg vis skotet, men  må gje opp returen og Lyngbø tek leiinga 3-4 etter at Dale igjen har demonstrert eit fomlande forsvarspel og gjeve frå seg ei altfor lettvint skåring.

Etter dette hardnar spelet til. Under daleoffensiven har Ørjan Berg og Stian Berg i denne omgangen fått kvart sitt gule kort. Når ein dalespelar no vert hardt takla, går lagkaptein Kim André Njåstad «i svart», spring bort til «syndaren» og kastar han overende og i bakken med stor kraft. Ein angrande Njåstad er pålag like raud i andletet som fargen på det kortet han får,  då han på veg til garderoben beklagar framferda si for både lagsleiing, lagkameratar og publikum. Det hadde han sanneleg grunn til óg. Slikt er ikkje ein dalespelar verdig, og endå mindre ein lagkaptein som også skal vere ein rollemodell på banen.

 

KAMP TIL SISTE SLUTT

Likevel held dei ti attverande oppe presset kampen ut, og det var nettopp denne offensive holdninga som førde til det femte baklengs for laget. I sluttminuttet går også keeper Tvedt fram for om muleg få ei utlikning ut av ein dalecorner. I staden får Lyngbø fatt i innsparket og kan enkelt kontre ein ny ball inn i eit tomt dalemål.

Det mest positive ved kampen mot Lyngbø, var tvillaust at toppskårar Tonny Tysnes, etter tre magre kampar, var attende på skåringssporet og at samarbeidet mellom han og Dag Børge Høvik igjen fungerte på framifrå vis. Ved sida av det raude kortet til Njåstad, var det mest nedslåande inntrykk frå kampen at Dale endå ein gong har eit forsvarsspel som ikkje er godt nok drilla for gjensidig hjelp når situasjonen krev dette. Det var dette som så sørgjeleg vart avslørt også då eit godt kjempande dalelag starta opphentinga i andre omgang fredag kveld.

 

Frå Geitabakken stadion: HELGE ARILD BOLSTAD

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org