To nye Tysnesmål var ikkje nok

Loddefjord hadde spelet og sjansane. Då skåra Dale to mål på to minuttar. Så brukte Loddefjord like lenge på å utlikne, og vann til sist kampen 5-2. Laurdag kjem Valestrand/Hjelvik til Geitabakken kunstgras. Den kampen har ikkje Dale råd til å tape.

loddefjord 016.JPGÅLEINE: Tomålskårar Tonny Tysnes (23) vart ståande mykje åleine på topp då Dale i store delar av kampen vart pressa tilbake på banen av eit hurtig, hardt kjempande og godt organisert lag frå Loddefjord i Bergen. FOTO:HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Loddefjord sette frå første steg eit solid press på Dale i kampen på Alvøen gressbane onsdag kveld. Etter berre to minuttar må dalekeeper Elias Tvedt gripe inn med si første redning av mange denne kvelden ytst ute i Laksevåg. Utspel og framspel vert adresselause enkelt plukka ned av loddefjordmuren desse første hektiske minuttane. Skot over og til sides for dalemålet kjem tette som perlene på snora. Så skjer to under på like mange minuttar, slik sånt kan skje når ballen er som rundast; eit langt og presist framspel signert Andreas Erstad i det tolvte minutt når fram til Tonny Tysnes. Tysnes tek ballen elegant ned, set stor fart mot målet og skårar sikkert åleine med keeper. Og meir godt er frå den kanten i vente. Eit snes tilreisande frå Vaksdal kommune har knapt sett seg ned att på murbenken då reprisen kjem. Denne gongen er det Eirik Eikefet som adresserer eit langt framspel perfekt i retning Tysnes som frå skrått hald skyt ballen hardt i mål via ein loddefjordspelar. Hans 14. mål for sesongen.

 

ERSTAD TIL HAUKELAND

Heimelaget tek så, ikkje uventa, igjen hand om kampen med eit langt kjappare og meir presist samspel i lengderetning enn det dalelaget for tida maktar å få til. Likevel er det Dale og Tysnes som får den første store sjansen. Tysnes får ballen åleine med keeper i det nittande minutt, men er uheldig med mottaket og sleivsparkar ballen til sides for mål frå kort hald. Fem minuttar seinare vert så Dale betydeleg svekka. Etter ein duell på midtbanen, vert Andreas Erstad liggande att på graset og vri seg i smerte. Erstad vert seinare send med ambulanse til Haukeland med noko som kan syne seg å vere beinbrot.

Rett etter denne skadesituasjonen spring så ein loddefjordspelar med ballen nedover langs flanken og skårar frå skrått hald i det lengste hjørnet for målmann Tvedt. Denne reduseringa vert til utlikning berre tre minuttar seinare. Ein lobb frå kring 16 meter passerer over ein utrusande dalekeeper og i mål til 2-2..

 

SÅ FEILAR OGSÅ TYSNES

At også Bjørn Tore Myrvold og Andreas Søberg så tidleg i kampen er ute med skade, gjer ikkje oppgåva nett lettare for det gjestande lag. Det vert noko meir og meir nervøst og oppkava over alle tilløp til spel. Elendige ballmottak skapar igjen sjanse på sjanse for Loddefjord og berre hellet og ein god Elias Tvedt i dalemålet hindrar både to og tre nye ballar i det buret Dale forsvarar.

Likevel kjem den aller største sjansen mot slutten av omgangen til Dale, og igjen er det ein stadig aggressiv Tonny Tysnes som kunne, og vel også burde, ha gjeve dalelaget leiinga. I det 44. speleminutt lurer han offsidefella, stormar åleine mot mål, men skyt denne gongen rett på keeper. Akkurat den ballen såg nok alle rundt stadion i mål, så åleine som storskårar Tysnes ved det høvet var. Så dette var nok helst eit døme på at også ein elles iskald Tysnes kan gå varm under topploket.

2-2 ved pause.

 

Også andre omgang tek til med det same loddefjordpresset som i den første. Elias Tvedt må ut og redde loddefjordforsøk i både det første, det andre og det tredje minutt, før Dale etter kring fem minuttar får snudd spelet så pass at Tonny Tysnes igjen kjem på skothald. Ein susar frå kring 16 meter får tverrliggaren til å vibrere over ein loddefjordmålmann som meir høyrde enn såg den ballen. Så med litt meir tysneshell i slutten av første omgang og byrjinga av andre, kunne faktisk både eitt og tre poeng - mot gangen i spelet - ha vore oppnåeleg for det gjestande lag i denne kampen. Det ville i så fall ha vore blodig urettferdig kampen sett under eitt. For det var slett ikkje godt forsvarsspel frå Dale si side som heldt laget inne i kampen så lenge. Loddefjord sløste vekk ei rekkje sjansar laget fekk, særleg etter dei mange hjørnespark dalelaget måtte gje frå seg.

3-2 til Loddefjord kjem i det 18 minutt. Eit nølande daleforsvar let ballførar få skyte ballen i mål frå kloss hald. Eit hjørnespark hamnar etter 25 minuttar på 16 meterstreken og vert derfrå ekspedert upressa vidare i mål til 4-2. Sluttstillinga vert fastsett i siste minutt. Eit skot frå kring 30 meter passerer ein dalekeeper som ved det høvet verkar mentalt sliten etter ein elles god kamp frå hans side.

Laurdag som kjem, vil gjestande lag på Geitabakken kunstgras vere Valestrand/Hjelvik frå Osterøy. Denne kampen må Dale vinne. Ikkje berre av poengomsyn, men like mykje med tanke på publikumsinteressa og dermed inntektsgrunnlaget resten av året.  

 

Frå Alvøen gressbane: HELGE ARILD BOLSTAD

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org