REKORDSTORT PUBLIKUM SÅG DALE VINNE

Eit rekordstort publikum vart laurdag vitne til at Dale slo Valestrand Hjellvik 3-2 på Geitabakken kunstgrasbane. Avgjerda fall i det siste ordinære speleminutt.

HØVIK SKÅRAR..jpgUTLIKNING: Dan Børge Høvik har her møtt eit presist slått hjørnespark i lufta og 1-1 er sekundet seinare eit faktum laurdag på Geitabakken kunstgras. FOTO: ARILD FOTLAND.

 

Lite tydde i første omgang på at Dale denne ettermiddagen skulle slå tilbake etter mykje og stor motgang den siste tida. Med «halve laget» ute med skade eller kort, var tendensen frå start den same som i dei tre siste kampane: Etter ei brukbar opning, vert dalelaget snart pressa tilbake på banen og må i store delar av omgangen forsvare seg mot kjappe og vel samspelte ostringar. Ein og annan halvsjansen kjem likevel til Dale. Stian Berg skyt hardt over frå langt hald. Dan Børge Høvik headar fint ned i det romet der toppskårar Tonny Tysnes vanlegvis er. Men i denne delen av kampen ser det ut som om lagleiinga har vald å ha storskåraren sin som ein ekstra forsvarar. Andre omgang skal demonstrere at dette ikkje er noko særleg klokt val.

 

HØVIK I LUFTA, BALLEN I MÅL

Elias Tvedt har i eit kvarter redda Dale frå fleire gode valestrandforsøk i retning dalemålet, då han i det 16. minutt må gje tapt for eit hardt skot frå skrått hald. Det skjer då ein elles hardt kjempande bakre firar ei kort stund ser ut til å konsentrere seg om alt anna enn ballen.

Men dette målet til gjestande lag får faktisk Dale inn att i kampen ei tid. Stian Berg har eit nytt hardt skot som går over mål. Tonny Tysnes er igjen der framme som den mannen bør vere på eitkvart fotballag, men skotet går utanfor mål. Utlikningsmålet kjem etter corner i det 24. minutt. Dan Børge Høvik stig elegant og nøyaktig til vêrs og stangar det presise innlegget hardt inn under tverrliggar.

Så berre to minuttar seinare kan alle frå Osterøy igjen heve røysta til ny jubel. Direkte fra avspark spelar Valestrand Hjellvik seg fint gjennom eit litt passivt daleforsvar og får plassert ballen i mål frå ein litt skrå posisjon for dalemålmann Tvedt. Dette vert starten på eit nytt Valestrand Hjellvik-press som, med få og små unntak, skal vare omgangen ut. Tvedt reddar laget sitt med ei fin utboksing. Gjestane svarar med eit hardt skot i stolpen. Berre eit par gonger før pause har Dale noko som liknar på ein halvsjanse. Tonny Tysnes har eit fint raid, men ingen å passe ballen til frå posisjonen sin ute på kanten. Eit frispark frå kring 18 meter, signert Mathias Dale, susar over tverrliggaren før første omgang vert avblåst med ei fortent leiing til Valestrand Hjellvik.

 

STRAFFEBOM OG «OVERTRU»

Meir enn 700 tilskodarar skal ha vore på Geitabakken laurdag og i alle fall eit par hundre av desse må ha tatt vegen frå Osterøy. Med bengallys og flagg til 5000 kroner stykket, var gjestane med på å skape ei dirrande stemning under heile kampen. Frå den litt provisoriske «Bogetribunen» oppe under skogskanten, svara sterkt heiande og jublande dalesupporterar opp alle tilløp til fanatisme frå grannekommunen. Dette vart eit «derby» som vil bli lenge hugsa for både resultatet og miljøet rundt stadion.

For i andre omgang skulle alle med sitt hjarta hjå Dale få mangt å juble for og litt å fortvile over. Etter berre åttte minuttar vert ein aggressiv Tonny Tysnes felt innanfor 16. meteren etter å ha kjempa vekk både teknisk og fysisk alt som fanst av møtande ostringar. Med den vanlegvis sikre straffeskyttar Kim André Njåstad ute med raudt kort, går oppdraget til Mathias Dale, og eit litt for laust og gjennomskueleg straffespark vert redda av keeper. Når trenar og lagleiar rår over ein så ekstremt hardt skytande spelar som Tysnes, kan ikkje ein regel som seier at den felte  ikkje sjølv skal hemne seg, gjelde. Slikt er og blir ei overtru som denne dagen kunne ha kosta Dale dyrt.

 

SANDVIK, TYSNES, TYSNES, MIDTUN

Men Tysnes skal i nokre få hektiske minuttar mot slutten av kampen, likevel få sin hemn. Først skyt han sjølv ballen hardt i mål etter å ha tatt ned ein presis langpasning frå Preben Sandvik. Så får han med nokre kjempeklyv berga ballen frå utspark, ser opp, får auge på Ørjan Midtun, serverer mannen frå Bulken ballen på foten og 3-2 er det endelege faktum i domarprotokollen. For etter fire overtidsminuttar som føltes som ti, kunne alle frå Vaksdal kommune sleppe ein jubel laus som varte like til pøbben. Ein vanskeleg kamp var vunnen og laget er tilbake på vinnarsporet. Dessutan vart nok også publikumsinteressa for laget tvillaust berga og vidare sikra med desse tre poenga.

Neste laurdag ventar botnlaget Sund på Hald stadion sørast på Sotra. Med tre nye poeng der og i den neste mot Gneist på Geitabakken, vil Dale under fotballferien igjen vere i smaksavstand til tetskiktet.

 

Frå Geitabakken stadion: Helge Arild Bolstad.

 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org