Tabelljumbo Sund spelte Dale på rygg

Dale tapte fullt fortent mot tabelljumbo Sund på Hald stadion laurdag ettermiddag.

sund.jpgFORSØK: Det vart med forsøka då Tonny Tysnes eller andre på dalelaget brukte innleggsfoten. Dale fekk sitt trøystemål på eit straffespark, sikkert plassert av Kim André Njåstad. FOTO: K. A. HOP GREGERSEN.

 

Dale reiste til Hald i Sund kommune på Sotra med både tankar og tru på å ha med seg 3 poeng heim att. Kanskje  var det nettopp desse tankane som gjorde at laget leverte langt frå det me har sett karane kan.

Dale kom elles til eit vått og vindfult Hald Stadion med eit mannskap redusert til kun 13 mann, grunna skadar og arbeid. Sund stilte på si side med eit ganske så ungt lag, - eit mannskap som likna meir på eit juniorlag enn eit seniorlag. Så sånn sett burde ikkje dalelaget ha stort å frykte denne dagen sør på Sotra.

 

SUND STYRER FRÅ START

Så skjer likevel det uventa. Sund raser frå start i angrep og tek gong på gong hand om ballen, medan Dale blir ståande og sjå på. Dei første fem minuttane kan vere ei oppsummering av heile kampen. For det var Sund som pressa og styrde heile kampen igjennom. Sund skapar fleire sjansar, og allereie etter 10-15 minuttar kunne stillinga fort ha vore både 1 og 2-0.

Det tok likevel 20 minuttar før det forventa og fortjente Sund målet kom. Det skjer etter at Dale rotar vekk ballen på midten og Sund kontrar med ein krossar og set fart mot målet på vingen. Eit hardt innlegg råkar Dale-keeperen, men ballen glir ut av henda hans og landar ved foten til Sund-spissen som enkelt trillar ballen i mål. Sund går dermed opp i leiinga, 1-0.

Den første sjansen for Dale kjem etter 27 minutt, då Stian Berg testar ut «slegga» og ballen skyt fart mot krysset, men keeper ser ut til å ha kontroll og får plukka ballen til seg.

 

DEI «SMÅ» HØGAST VED CORNER

Dale held etter dette fram med å slite. Laget maktar slett ikkje å halda følgje med Sund, og det klarar ikkje å halde på ballen dei gongar den vert vunnen. Men etter 27 minuttar ser det ut som om kaptein Kim André Njaastad vaknar. Han setter fart mot målet, men vert stygt takla på ca.20 m og Sund-kapteinen blir vist detførste gule kortet i kampen.  Frisparket er det stor-skårar Tonny Tysnes som tek. Han bankar ballen knallhardt mot mål, men ein bunnsolid Sund-keeper får pressa ballen ut til eit corner som det ikkje kjem noko ut av.

Etter 36 min speletid, fekk Sund nok eit corner, men denne gangen vart dei «store» Dalespelarane nokså små, mot dei «små» Sund-spelarane. Backen til Sund er den som stig høgast i lufta, og nikkar ballen elegant i målet til stillinga 2-0.

 

DALE SKAPAR SUNDSJANSAR

I pausen fekk nok spelarane ein del refs av daletrenar Fotland, som til tider var rasande og oppgitt over spelet. Men dette såg ikkje ut til å ha noko som helst effekt på gutane, som fortsette å bli overkjørd. Ein kan nærast telja på ei hand dei duellane Dale-spelarane vann, og den vellukka pasnings-prosenten var ikkje særleg stor i den andre omgangen heller. I enkelte situasjonar er det nærast Dale som lagar sjansane til Sund, etter mykje rot.

I det 60. minutt gjer Dale-forsvaret det som dei så altfor mange gangar har gjort tidligare i sesongen, nemleg å «drite seg ut». No er det ein dalespelar som sel seg altfor lett. Sundspissen stormar åleine mot mål og bankar ballen enkelt i krysset hjå ein sjanselaus Dale-keeper.

 

STRAFFESPARK TIL DALE

Etter 70min ser det endeleg ut til å lysne for Dale, då dei får eit straffe. Etter mykje «klabb og babb»  innanfor 16 meteren hjå Sund, treff ballen handa til ein forsvarar og dommaren bles straffe til Dale. Dale sin straffeekspert, Kim André Njåstad går fram til straffemerket og set ballen trygt i mål i motsett hjørne av der keeper satsar og stillinga står 3-1. Håpet lever vidare.

Men berre 2 minuttar etter skåringa, knuser Sund igjen håpet om poeng for Dale, då dei bankar inn mål nr. 4 for kvelden. Igjen er det ein forsvarstabbe som fører til nok eit enkelt Sund-mål.

 

Dommaren bles av kampen, og det heile ender 4-1 i ein av Dale sine dårlegaste kampar denne sesongen. Dale står fortsatt med kun ein siger og tre poeng på bortebane så langt i år.

På Hald stadion hang Dale overhodet ikkje med i det heile, og tapte fullt fortent for eit svært ungt Sund-lag.

Før denne kampen stod Sund med berre 4 poeng og 4 skåra mål. Etter kampen mot Dale dobla dei målskåren sin. Sund klatrar opp ein plass på tabellen, medan Dale held plassen sin midt på tabellen. Det einaste positive med kampen var at ca. 15-20 supporterar valde å bruka laurdagen sin på å møte opp for å støtte laget i regnvêret på Sotra. Dette håpar nok laget vil halde fram i haustsesongen.  Men då bør nok Dale skjerpe seg meir enn det desse tilreisande laurdag fekk sjå.

No vert det først viktig at gutane tar seg sjølv i nakken og løfter seg mot Gneist i siste kampen i vårsesongens. Den vert spela heime på Geitabakken kommande fredag.

 

Frå Hald stadion, Sotra: Kim André Hop Gregersen.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org