Dale vann siste vårkampen

Ein offensiv Mathias Dale var champagnen då Dale fredag kveld slo tabellnabo Gneist 4-2 på Geitabakken kunstgras.

DALE v GNEIST 023.JPGDUELL: Mathias Dale (i midten) skåra to mål og skaffa Dale straffe då heimelaget slo Gneist frå Fana 4-2 på Geitabakken kunstgras fredag kveld. Men som her, taper dalespelarane altfor mange duellar både i lufta og langs bakken og gjer spelet på den måten unødvendig tungt og vanskeleg. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Ein sprudlande Mathias Dale blei tunga på vektskåla då Dale vann ein jamspela kamp mot Gneist frå Fana fredag. Sjølv skåra han to fine mål. Dessutan var han ein gong så farleg framme innanfor 16 meter at ein gneistspelar laut stogge den aggressive Dale ulovleg. Og nettopp det straffesparket vil det bli snakka lenge om blant dei altfor få som var møtte fram på stadion denne kvelden. Som ein veteran blant publikum sa det: «Ein slik straffe er ikkje sett på Geitabakken sidan Gamle-Martin (Danielsen) si tid». For dette var til overmål dristig utført av Kim André Njåstad: Hadde stengene vore framleis av tre, ville nok ein gneistmålmann med akutt øyresus også ha sett flisene drysse rundt seg. Så knallhardt var sparket og så tett inntil krysset passerte ballen på veg opp i nettet.

 

GNEISTSTRAFFE OG UTLIKNING

Kampen byrja alt anna enn godt. Dalekeeper Elias Tvedt er tvillaust reaksjonssterk på strek, men har like tvillaust eit forbetringspotensiale i feltarbeidet sitt. Etter elleve minuttar møtte han såleis altfor seint ein ball som vart spela rett innanfor 16 meterstreken til sides for dalemålet. I ein håplaus kamp om ballen, felte Tvedt motstandaren. Straffe og 0-1 til Gneist.

Den smule fadese skulle Elias Tvedt få gjere opp for fleire gonger i løpet av første omgang. For etter nokre halvsjansar til Dale, kom no ein sterk gneistperiode. Berre ei refleksredning av Tvedt med ei hand til corner gjorde at ikkje gjestane auka leiinga si etter 20 minuttar av kampen. Dette såg imidlertid ut til å tenne eit dalelag som så langt i kampen hadde verka i overkant interesselaust. Men også Gneist hadde denne kvelden ei god målvakt. Eit hardt skot frå Andreas Søberg i det 23. minutt vert meisterleg redda av ein keeper i vater. Men berre to minuttar seinare lyt også han gje tapt då Mathias Dale møter eit nydeleg gjennomspel frå Tonny Tysnes og ekspederer ballen sikkert i mål til utlikning for Dale.

 

DALEPRESS, STRAFFE OG FORSVARSSVIKT

Etter ein litt sjansefattig periode, skyt Kim André ballen over gneistmålet i det 30. minutt og tre minuttar seinare har dalekeeper Tvedt igjen ei avgjerande inngripen då han boksar ein ball til corner etter frispark. Så kjem det før omtalte straffesparket. Mathias Dale vert felt i det 37. minutt av kampen og Njåstad skyt ballen så nær krysset den kan kome utan å sprette ut att!

Med denne smaken av tre poeng, legg Dale no større press på gneistforsvaret. Etter 42 minuttar er Tonny Tysnes på veg mot mål åleine med keeper, men ein - i situasjonar som dette - uvanleg tafatt Tysnes vert oppløpt og ny daleskåring hindra. Dette dalepresset gjer at forsvaret opnar seg meir enn godt er for poengfangsten, og i det 44 minutt spelar Gneist seg enkelt gjennom det som er att av forsvarande dalingar. Men 2-2 ved pause var for så vidt greitt etter det eit fåtalleg publikum fekk sjå i første omgang.

 

MEIR DALE OG ENDÅ MEIR TVEDT

Spørsmålet i andre omgang skulle snart bli kven som ville mest og evna best?

I starten av omgangen var det tvillaust det gjestande lag. Etter 5 minuttar skyt ein gneistspelar hardt i tverrliggar og fem minuttar seinare er det berre ei ny klasseredning av dalekeeper Tvedt som står i vegen for ny gneistjubel. Så er det tid for meir Kim og meir Mathias. Eit godt plassert skot frå Njåstad vert i det 15. minutt berga til corner. Hjørnesparket hamnar på hovudet til ein lurt plassert Tonny Tysnes bak bakerste som igjen finn Mathias Dale rett framfor mål og heimelaget er for andre gong i føringa.

Spelarane frå dei nye bydelar i Fana har likevel ingen planar om å gje opp kampen. Direkte frå avspark  endar eit framspel i eit stolpeskot bak ein dalekeeper som i løpet av to minuttar no avvergar tre farlege situasjonar med to utboksingar og og eitt endeleg nedplukk.

 

ENDELEG TID FOR TYSNES

Så tek Tonny Tysnes for første gong i kampen ned det repetoar den karen har på øvste hylla si. Med ei rekkje overstegsfinter pløyer Tysnes seg etter 40 minuttar elegant gjennom gneistforsvaret. Det harde skotet i det tversoverliggande metallet får det som finst av bikkjer rundt banen til å minnast siste nyårsnatt med stor gru. Og berre tre minuttar seinare er Tysnes igjen åleine med keeper etter eit nytt løp, då kreftene tek slutt og eit slapt skot vert plassert til sides for mål. Tonny Tysnes skulle likevel få målet sitt denne kvelden. Dale vert tilkjend ny straffe i siste ordinære speleminutt. Tysnes skårar med ein ball keeper i forbifarten berre ser skuggen av.

Kampen fredag kveld var nok meir jamspela enn det sluttsifra fortel. Likevel må sigeren registrerast som fortent, fordi den kom etter store prestasjonar av enkeltspelarar som Tvedt, Dale, Njåstad og, til slutt, også Tysnes. Men framleis lir lagspelet til Dale under dårlege ballmottak og tapte duellspel både i lufta og langs bakken. Det tærer på kreftene å støtt måtte gjenerobre ballen for berre å miste den i neste trekk. Dette var siste kampen for Dale i vårsesongen. Laget vil truleg ha ei samling over nokre dagar i juli. Det er kanskje ein idé då å hente inn ei ekstern hjelp som kan drille laget i eit meir effektivt forsvarsspel.

 

Frå Geitabakken kunstgras: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org