Dale G16 nr 5 i PlussbankCup

Dale styrte det meste av banespelet mot Åsgaardstrand men vart slått ut av PlussbankCup og enda på ein flott 5.plass

Dale G16 nr 5 i PlussbankCup
G16 plussbankcup 1.jpg G16 plussbankcup 2.jpg G16 plussbankcup 3.jpg G16 plussbankcup 4.jpg

Den første kampen spela gutane i går. Det vart ein kanonstart på cupen med 5-0 siger over eit tannlaust Just. Anders Olsen noterte seg for hattrick i denne kampen.

I den andre kampen i går møtte dei eit vesentleg betre lag og gjekk på ein smell. Alikavel står dei med 1 plussmål og 3 poeng etter dag 1.

 

I dag har gutane spelt ytterlegare to kampar, og vunne begge.

Trane vart knepent slått 4-3 i ein tett og jevn kamp. Målscorarar i denne kampen var Anders Olsen x2, Stian Olsnes på frispark og Aleksander Trohjell på straffe.

I siste kampen mot Brummundal vart det nok ein gang litt meir einveiskjøring, og store delar av "skylda" for dette kan vel leggast på Anders Olsen som varta opp med 4 (!) scoringar. Odd Inge Eliassen putta det siste for Dale.

 

Gutane er no klare for A-sluttspelet som startar tirsdag klokka 0800 mot Åsgaardstrand. Me ynskjer dei lykke til!!

 

Det vart til slutt 3-1 tap for Åsgaardstrand. Litt ufortjent og mot spelets gang rapporteres det fra Kristiansand.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org