DALE TAPTE 3-1 FOR FRØYA I JAMSPELT KAMP

Berre stolpen hindra Dale i å leie 2-0 mot Frøya tysdag kveld. Forsvarsspelet var betre enn i vårsesongen. Difor smerta nok eit nytt bortetap ekstra vondt for eit godt kjempande dalelag.

For dette var ein kamp der Dale først og fremst hadde marginane mot seg. Som då Mathias Dale skaut hardt i stolpen fire minuttar etter at same mann i det tjuande minutt hadde gjeve laget leiinga med eit vel plassert skot. Det fine gjennomspelet til Dale var signert Andreas Søberg. I staden kunne Frøya berre to minuttar etter stolpeskotet kvittere med eit både hardt og godt plassert frispark frå langt hald.

I ein første omgang der båe lag sleit med å få eit reelt overtak, var dalelaget nær ei ny skåring like før pause. Stian Berg gjorde eit fint raid med ballen langs kanten og inn mot mål, men det godt førebudde skotet vart i siste liten blokkert av ein frøyaspelar.

 

 

VERBALT GOD MÅLVAKT

Elias Tvedt, fast dalekeeper i vårsesongen, skal gå på skule i Bergen og har av den grunn varsla daleleiinga om overgang til Varegg, - eit nivå høgare i seriesystemet. Dermed måttee Tvedt frå benken denne kvelden sjå at dalelaget kan lite på keeperveteranaen Marius Kvamme Tollefsen også når det røyner som verst. Fleire gode inngrep i feltet og nedfanging frå strek av gode skot gjer at dalefansen, så lenge den karen er skadefri, slett ikkje bør uroe seg over målvaktsistuasjonen. Dessutan har Kvamme Tollefsen ein verbal styrke i sitt spel som Tvedt i mindre grad har synt: Med klare og kloke tilrop styrde han spelarane framfor seg. Kanskje også av den grunn tyktes forsvarsspelet å ”sitje” betre i denne kampen enn i mange kampar i vår.

 

dalebenken.JPG

BENKA: Dalekeeper Elias Tvedt (nærast) har meld overgang til Varegg. Difor måtte han følgje kampen mot Frøya frå benken. Bak Tvedt sit talentfulle Pete Charoensuk. 16-åringen fekk sin debut for A-laget tysdag kveld. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Likevel skulle det glippe for Dale to gonger i andre omgang. 2-1 til Frøya kom etter fleire svake klareringar på rad, medan det tredje vart sett inn etter eit raid langs dødlina som burde ha vore stogga med større vilje til nærkamp. Det skjedde etter 37 minuttar av sluttomgangen og fleire mål vart det ikkje på eit litt trasig kunstgras på eit endå meir trasig industriområde på Melkeplassen i Bergen.

 

 

16 ÅR GAMAL DEBUTANT

20 minuttar før slutt laut Eirik Erdal forlate banen med ein fotskade som mest truleg vil lækje seg sjølv i løpet av kort tid. Dermed fekk unge Pete Charoensuk for første gong prøve seg saman med a-laget, og 16-åringen synte frå første steg prov på talentet sitt. Etter kampen fekk han difor stor ros frå trenar Knut Bjarne Fotland som særleg viste til ei fin forsering ungguten hadde med ballen.  Rundt storskårar Tonny Tysnes florerer rykta om overgang til Stord, noko daletrenar Fotland berre fnyste av under ein samtale i bussen tilbake til Dale. Same kva; i kampen mot Frøya var den vanlegvis så kjappe og sterke Tysnes til lita plage for frøyaforsvaret.

Neste kamp for Dale vert borte mot Laksevåg. Dette er ein av desse fire første bortekampane på rad som eit like hardt kjempande dalelag bør kunne slå med marginane passe med seg.  Det var elles altfor god plass i dalebussen til Melkeplassen. Den bør fyllast meir opp av dalesupportarar fredag som kjem, - no også med eigne supportarsjerf!

 

FRÅ  FRØYA IDRETTSPARK: HELGE ARILD BOLSTAD.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org