Uavgjort mellom Laksevåg og Dale

Med mål av Stian Berg og Tonny Tysnes tok Dale føringa i løpet av ein halv time med finspel mot Laksevåg fredag kveld. Alt såg trygt ut. Så fekk Laksevåg si redusering like før pause.

laksevåg-dale 003.JPG

PRESSA: Dale pressa Laksevåg hardt den siste halve timen av første omgang. Til venstre beste dalespelar på Nygårdsmyren idrettsplass, Andreas Søberg. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

 

Reduseringa kom dessverre i etterkant av kveldens største soloprestasjon på Nygårdsmyren idrettsplass. Dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen fekk på mirakuløst vis både kasta seg og med ei hand slått ut eit både innsikta og hardt skot frå kloss hald. Dessverre var ingen daleforsvarar budd på å fange opp returen og same mann kunne plassere ballen enkelt i det opne målet.

 

 

MEIR OG MEIR DALE

Laksevåg starta kampen best. Lange og høge oppspel i retning laksevågmålet vart effektivt stogga av eit heimelag som dominerte luftromet totalt. Etter kring 15 minuttar hadde dalelaget så forstått at ein slik ”luftkrig ikkje var det rette våpenemot eldre og rutinerte spelarar, - nokre med ei fortid like opp til nest beste nivå i landet. Slike bør helst takast på farrten. Så då finspelet langs bakken tok til, overtok også dalelaget initiativet og vart verande det dominerande lag omgangen ut. Frustrerte laksevågspelarar vart springande mykje imellom og etter. I denne perioden både feila Tonny Tysnes på ein  kjempesjanse åleine med keeper og vart  litt seinare offer for ei tvilsam offside-avblåsing.

Det første målet kom etter corner. Stian Berg fanga opp ballen og plasserte den sikkert i mål. Og ikkje lenge etter var det slutt på den ”måltørke” som sikkert har plaga storskåraren til Dale meir enn godt er. Med eit presist gjennomspel fann Kim André Njåstad ein Tonny Tysnes på løp, og denne gongen fekk nettmaskene vist kva dei er laga av. Ei kontring frå Laksevåg si side førde så til den før omtalte reduseringa og 1-2 ved pause.

 

 

TILBAKE I ”LUFTKRIG”

Med eit kjapt og presist spel langs bakken hadde Dale tilrive seg eit klart overtak i første omgang. Underleg nok vart ikkje denne strategien vidareførd i same grad etter kvilen. Igjen fekk Laksevåg lov til å forsvare seg med det dei var best til. Mange og høge framspel vart like mange gonger heada bort frå faresona og den eine kontringa etter den andre skapte mange farlege sjansar framfor dalemålet. 2-2 målet etter sju minuttar kom typisk nok etter ei slik kamputvikling. Kvamme Tollefsen fekk  slått eit godt skot til corner. Ein laksevågspelar raga høgast over alle andre og heada hjørnesparket godt plassert i målet. Dale hadde seinare óg sine sjansar til å hente med seg heim tre poeng, men alt i alt var vel uavgjort eit OK resultat slik spelet utvikla seg i andre omgang.

Skal ein beste dalespelar kårast i denne kampen, lyt valet falle på entusiastiske Andreas Søberg. Han var høgt og lågt på banen, hadde eit imponerande driv i spelet sitt og gjorde for det aller meste heilt rette vurderingar.

No får dalelaget litt ekstra tid til å trene seg opp att frå feriemodus. Neste kamp går først 28. august på Nymark kunsgress. Der møter Dale eit Brann 3-lag som nok er huga på å revansjere stortapet 8-3 på Geitabakken 1. mai.

 

FRÅ NYGÅRDSMYREN IDRETTSPLASS: HELGE ARILD BOLSTAD.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org