Verste Daletap i manns minne

Eit ungt Brann 3-lag tapte 3-8 for Dale på Geitabakken kunstgras 1. mai i år. I går tok eit endå yngre brannlag ein grusom hemn, rundspelte Dale og stogga ikkje revansjeringa før mål nummer tolv var notert på blokka.

brannkampen 017.JPG

Og kanskje verre: Etter berre eitt poeng etter tre kampar denne hausten, kan me no skimte eit dalelag som går meir og meir i oppløysing. Det fine samspelet frå i vår er borte. Tilbake er elleve spelarar som kvar for seg sparkar ballen mot ukjend adresse. Dessutan: Medan laget i vår kom sterkare og sterkare utover i kampen, verkar laget i haust ikkje godt nok trent til å stå ein heil kamp ut. At Dale to gonger i haust har gjeve frå seg ei leiing i første omgang, understrekar eit problem som keeper Elias Tvedt sette ord på då han i sommar melde overgang frå Dale til Varegg: «Manglande kollektiv treningsvilje». Slik kan det i så fall ikkje vere i ei spelargruppe som har ambisjonar om å halde seg i divisjonen.

 

KAMPUERFAREN KEEPER…

Resultatet mot Brann 3 tysdag kveld er for Dale sin del det verste i manns minne. Forklaringar finst, men ingen er gode nok. Forklaring 1: Ein dyktig førstekeeper Marius Kvamme Tollefsen var blitt lukkeleg far natta før. Arild Soltvedt, i utgangspunktet 3. keeper dei siste åra, laut difor ta hans plass utan nødvendig kamptrening. Soltvedt var nok  ved tre-fire høve medverkande til det bedrøvelege resultatet. Men Soltvedt hadde også sine redningar, to før det var gått ti minuttar. Og ein keeper kan under ingen omstende ta ansvar for dei mislukka avdriblingar i daleforsvaret som fleire gongar i går førde til dei sjansar ein meir kamperfaren målmann kanskje hadde redda.

 

… OG UTRYGGE SPISSAR

Forklaring 2: Det unge brannlaget spela i denne kampen ein fantastisk fin og framfor alt kjapp fotball.

Men Dale har slått laget før og også Dale hadde no og då ballen. Så eit godt brannspel kan ikkje forklare kvifor Dale berre få gonger undervegs i kampen greidde å halde ballen i laget i meir enn to trekk på rad. Viljen eller evna til å posisjonere seg i forhold til med- og motspelarar var så vantande i denne kampen at det av den enkle grunn blei uråd for Dale å etablere sitt eige spel med ballen. Forklaring 3: Eit hardt kjempande brannforsvar blokkerte dei vanlegvis så effektive gjennomspela til spissane hjå Dale. Likevel var Dan Børge Høvik og Tonny Tysnes to gonger kvar åleine med keeper. Situasjonar som i vår var så godt som mål, vart i denne kampen anten sett over eller vart berga av ein utrusande keeper. To av desse situasjonane kom på stillinga 4-0 og kunne såleis ha vore med på å snu kampen i Bergen. Av ei eller anna årsak er to erfarne avsluttarar denne hausten blitt utrygge på seg sjølve.

 

KAMPUTVIKLINGA

I staden vart kamputviklinga denne:

10. minutt: 1-0 etter langskot til venstre for keeper. 12. minutt: 2-0 etter rot i daleforsvaret inne i boksen. 20. minutt: 3-0 etter gjennomspel. 24. minutt: 4-0. 37. minutt:  5-0 etter nytt forsvarskaos, retur frå keeper og i mål. 39. minutt: 6-0 etter hardt skot. 44. minutt 7-0 etter at Njåstad mislukkast med ei avdribling.

Etter berre eit minutt i andre omgang la Brann på til 8-0, før 9-0 kom ni minuttar seinare. 24. minutt: 10-0 etter retur frå keeper via tverrliggar. Mål nummer 11 og 12 kom etter 34 og 41 minuttar av andre omgang og det unge brannlaget til ex-dalespelar «Dutten» Soltvedt kunne såleis gle seg over å ha brutalt hemna tapet frå i vår.

 

NY KAMP FREDAG

Neste kamp for Dale kjem alt fredag som kjem på Stemmemyren i Bergen. Motstandar er Sandviken.

PS: Kampen i Bergen kom eit kvarter for seint i gang fordi bussen med dalelaget vart ståande dieseltom ein time i Arna. Hadde den vore dieseltom i eitt kvarter til, ville Dale ha tapt ein avlyst kamp med berre 3-0!

PS 2: Etter kampen valde både trenar og oppmann alternativ transport attende til Dale. Slikt gjer ein ikkje i ein situasjon der skuffa spelarar mest av alt treng trøyst og litt oppmuntring.

 

FRÅ NYMARKSBANEN I BERGEN: HELGE ARILD BOLSTAD.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org