Nytt stortap for stressa Dale

Kampen mot botnlaget Sandviken skulle rette opp inntrykket av eit dalelag i krise. Så kom ein ny og verre smell.

For stortapet 12-0 for Brann kan forklarast med sterk motstand. Det kan ikkje tapet 10-1 for Sandviken. Nederlaget fredag kveld var av det slaget som fortel om eit lag på randa av nervøs kollaps: Frykta for å motta ballen er større enn gleda av å ha han.

Det som var utenkjeleg etter kampane i vår, er såleis denne hausten nærare enn nokon i vår kommune  likar å tru: Dale må i kvar kamp slåst med nebb og klør for å halde dei svakaste laga bak seg. Den første prøva kjem neste laurdag mot Nordhordland på Geitabakken kunstgras.

 

HAR PROBLEM I MOTGANG

Etter stortapet mot Brann var det nokon som narra seg til å tru at manglande tid til oppvarming var årsaka til nederlaget. Ein slik illusjon kan ingen ha som såg Dale tape 10-1 mot botnlaget Sandviken på Stemmemyren kunstgras seint fredag kveld. Den nakne sanning er at Dale er i ei så alvorleg sportsleg krise som dette laget ikkje har vore på mange år. Medgangslaget Dale ser heller ikkje ut til å kunne takle motgangen på fornuftig vis; korkje den enkelte spelar eller det lagleiarteamet som nokre år no har hatt stor ære av ein løpande suksess. Dette vart til fulle demonstrert i kampen mot Sandviken. Medan eit puslete småspel vart til fånyttes utført i små klumpar sentralt på banen, var det eit 30 meter breitt tomrom på kanten. At ikkje lagleiinga såg og utnytta dette potensialet, t.d. ved å setje den raske nyervervinga Jonathan Mjøs inn i denne posisjonen, er mellom dei gåter som berre kan forklarast med ei redsle for å prøve noko nytt. Ein debutant som viste lovande takter då han entra banen undervegs i brannkampen, skal ikkje slite benken når romet er ope og det røyner som verst for Dale.

 

TYSNES TENTE HÅPET

Igjen var det Tonny Tysnes som fredag gav Dale håpet då han i det 14. minutt utlikna ei tidleg sandvikenskåring. Dette skjedde i ein periode då Dale hadde eit bra tak i kampen. Likevel var det vertane som igjen, litt ufortent, kunne juble. Ein dalekeeper Kvamme Tollefsen, som i delar av denne kampen nok hadde tankane sine meir hjå det nyfødde talent heime, enn på Stemmemyren kunstgras, let eit langskot passere seg på unormalt vis for han. 2-1 ved pause.

 

EIN FÆL ANDRE OMGANG

Det store marerittet starta etter eit par minuttar i andre omgang då den eine ballen etter den andre passerte både forsvar og keeper på enklaste vis. Tonny Tysnes hadde rett nok ein stor sjanse då han på 4-1 kom åleine med keeper, men tapte duellen. I same situasjon var Martin Johan Danielsen då oljearbeidaren seinare i omgangen gjorde come-back for Dale. Men elles var det lite i denne omgangen som fortalde at laget hadde ønske om å gje sin 60 årsjubilerande oppmann, Geir Karstensen, ei skikkeleg gåve på dagen. I staden var det Sandviken som i løpet av 90 minuttar fekk fleire gåvepakker enn det laget har fått så langt til saman denne  sesongen. Flaut.

 

NYE VANSKAR VENTAR

Dalelaget er nett no på felgen. Desto viktigare vert det at eit stort publikum møter fram og pustar luft att i karane når Nordhordland  kjem på besøk neste laurdag. Dale slo Nordhordland med eitt mål i Knarvik i vår, og bør gjenta suksessen heime. For etter den kampen ventar to særdeles vanskelege oppgåver; Telavåg borte og tabelleiar Lysekloster her heime.

 

Frå Stemmemyren kunstgress: HELGE ARILD BOLSTAD.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org