Eit kjempande Dalelag vann 4-2

Med ein ekstrem vilje til å vinne nedkjempa Dale eit fint spelande lag frå Lindås.

dale nbk 004.JPG

Etter to dramatiske tap på bortebane var dette den kampen Dale måtte vinne for å ikkje hamne farleg nær den kvikksand som sluker alle håp om å halde seg i divisjonen også neste år. Nordhordland Ballklubb var eit lag Dale med ein god porsjon flaks slo på bortebane i vår. Så oppgåva på Geitabakken kunstgras laurdag var alt anna enn enkel for eit heimelag som denne hausten hadde sanka berre eitt av sine 20 poeng i serien. Med sigeren 4-2 over NBK laurdag ser framtida umåteleg meir lys ut for eit dalelag som laurdag kjempa og sleit både i forsvar og angrep mot ein motstandar som det meste av kampen hadde eit overtak i banespelet.

 

STOR FART FRÅ START

Kampen laurdag var knapt tre minuttar gamal då Tonny Tysnes første gongen viste at han hadde innsett alvoret i situasjonen. Med stor fart og kraft reiv han seg laus frå all forsvarande motstand, men dessverre for Dale gjekk det knallharde skotet frå vel 16 meter over tverrliggar.

Og berre tre minuttar seinare fekk daleforsvaret den nødvenige påminning om å skjerpe seg i duellspelet. Med ei fin einhandsredning fekk dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen slått ballen til hjørnespark, og etter to nye corner i same situasjonen fekk ein NBK-spelar stå så pass åleine at han kunne finsikte ballen mot mål. Til alt hell for Dale gjekk det harde skotet i stolpen og ut.

 

UROMOMENTET HØVIK

Dan Børge Høvik var, til liks med Tysnes, eit stadig uromoment for  det gjestande lag. Det var såleis ikkje tilfeldig at nettopp han skulle servere det innlegget frå kant som Stian Berg elegant kunne heade inn til 1-0 til Dale i det fjortande minutt av kampen.

Denne leiinga skulle vare i 15 minuttar. Ein dalehands like utanfor boksen resulterte då i eit frispark over dalemuren og så tett inn til vinkelen som det er råd å kome med ein fotball. Dagens soloprestasjon på Geitabakken laurdag.

Same sjanse fekk Tonny Tysnes for Dale i det 36. minutt, men hans skot over NBK-muren hamna til sides for mål.

Men berre minuttet seinare var det tid for ny dalejubel. Etter ei smart avdribling, signert Kim André Njåstad, hamna ballen hjå Dan Børge Høvik som ekspederte den vidare i mål via innsida av stolpen.

 

MANGLAR MIDTBANESPEL

Andre omgang tok til som den første. Dale kjempa som svoltne løver mot ein motstandar som hadde byttet (ballen) det meste av tida. Igjen avslørte Dale at dei denne hausten manglar det aggressive og dermed konstruktive midtbanespelet som kan utmanøvrere eit forsvar og gje spissar og kantar ballar å løpe på. Kim André Njåstad er så tvillaust midtbanestrategen hjå Dale, og også i denne kampen la han ned eit stort arbeid. Men han vert altfor ofte sørgjeleg åleine. Når ingen andre på midtbanen hjå Dale pressar motstandar, men plasserer seg ti meter bak, vil eit balltap hjå Njåstad nødvendigvis føre til at motstandar altfor enkelt får overta ballen og kan kontre.

 

RAUDT KORT OG TYSNES-SHOW

Etter 18 minuttar i andre omgang vert NBK så redusert til ti mann etter to gule kort til same spelar. Likevel er det bortelaget som to minuttar seinare kan utlikne til 2-2. Ein retur frå dalekeeper Kvamme Tollefsen vert ekspedert i mål frå kort hald.

Men dette var kampen som viste at dale framleis eig ein spelar med både kunne og vilje til å vinne. For no starta det eine Tysnes-raidet etter det andre. I det 30. minutt enda eit slikt raid som innlegg i ei mølje framfor NBK-målet, og der var Njåstad på rett plass til nett rett tid og sende ballen i mål bak ein utspela keeper. 4-2 gjer Tonny Tysnes åleine i sluttminuttet då han i stor fart passerer det som finst av forsvarande nordhordalendingar, rundar keeper og skyt ballen hardt i det tome buret.

 

MEN PUBLIKUM SVIKTA

Det var eit hardt kjempande kollektiv som vann denne kampen for Dale trass hard motstand. Ingen kan likevel protestere om denne meldar nemner Joakim Olsnes som ein føregangsmann i denne bataljen. Olsnes var høgt og lågt med ei speleglede som måtte smitte over på alle dei andre som bidrog til ein lenge venta suksess.

Med 23 poeng skal Dale laurdag som kjem møte tabellnabo Telavåg på Sotra, medan avdelingsleiar Lysekloster kjem til Dale laurdag 22. september. Då bør fleire enn dei altfor få som overvar bataljen mot NBK, møte fram. Med ein Tysnes attende i storform og eit lag med ny tru på seg sjølv ,kan det bli  mykje å gle seg over for dalefansen utover hausten.

 

Frå Geitabakken kunstgras: Helge Arild Bolstad 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org