Dale skapte sjansane, Telavåg Skåra

Eit ineffektivt dalelag tapte 2-1 for Telavåg laurdag. For dette var kampen Dale både burde og kunne ha vunne.

telavåg 013.JPG

TAP 2-1: Tonny Tysnes (23) skåra målet i ein kamp mot Telavåg der Dale skapte dei fleste og beste sjansane. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Med stor innsats tok Dale styringa over kampen frå første minutt på Telavåg grasbane i Sund kommune. Det eine åtaket etter det andre sette telavågforsvaret under eit stadig press gjennom store delar av første omgang. I kraftig motvind sørvest på Sotra jobba eit godt kjempande dalelag fram den eine skåringssjansen etter den andre, men like mange gongar hamna ballen over eller til sides for stengene. Og i dei tilfelle dalelaget ikkje kom til avslutning, var ein Tonny Tysnes eller ein Dan Børge Høvik berre sekundet for seine til det endelege gjennombrot.

 

SJU STORE DALESJANSAR

Det var såleis djupt urettferdig då Telavåg etter kring 35 minuttar tok leiinga. Eit langt og høgt framspel vart heada elegant inn i motsett hjørne av ein gulkledd stril som ved nett det høvet fekk stå heilt uhindra av næraste dalespelar. Det var såleis ein meir irritert enn skuffa daletrenar som til pause hadde rekna seg fram til at Dale leia sjansestatistikken 7-2. Så hadde då også Fotland god grunn til å vere nøgd med sjølve samspelet. Dette var i første omgang noko av det beste laget faktisk har vist i heile år og lova meir moro med vinden i ryggen i andre del av kampen.

 

UHELL PÅ UHELL OG MÅL

Slik skulle det ikkje gå. Telavåg starta andre omgang med å setje eit høgare press på dalelaget og berre ei «feberredning» av Marius Kvamme Tollefsen i daleburet hindra gultrøyene i å ta leiinga 2-0 etter kring seks minuttar av omgangen. Det målet kom likevel som eit dobbelt uhell sju minuttar seinare. Joakim Olsnes opna døra då han sklei på det glatte graset i det han skulle takle ballførar, medan Kvamme Tollefsen mista fotfestet då han skulle kaste seg etter det ikkje altfor harde skotet.

 

TYPISK TONNY TYSNESMÅL

I den meir jamspelte andre omgangen hadde Dale fleire sjansar til å redusere leiinga. Tysnes hadde ei heading med stor kraft rett over tverrliggar i det 21. minutt og same mann hadde ei fin forsering på kant forbi telavågforsvaret, men innlegget vart i siste liten blokkert av næraste forsvarar. På den andre sida av banen hindra ei ny god redning signert Kvamme Tollefsen ei større telavågleiing i det 44. minutt. Reduseringa kom på overtid og var av det slaget som me har sett Tonny Tysnes stå for så mange gonger før: Med stor fart mot mål passerer han det som finst av forsvarande motstand og skyt ballen hardt forbi ein paralysert keeper.

 

NY STORKAMP LAURDAG

Dale sin vanlege kaptein og midtbanegeneral, Kim André Njåstad, var utestengd frå kampen i Telavåg etter  nye gule kort. I særleg andre omgang var nok den karen sterkt sakna laurdag. Då Dale vart pressa litt lengre bak på banen, hadde hans vanlegvis så presise framspel til spissparet Høvik og Tysnes vore eit nyttig alternativ til finspelet i første omgang. Det gledelege i andre omgang var, attåt mål og fleire sjansar, elles at Ørjan Boge kom inn på banen etter skadeavbrekk. Laurdag som kjem, ventar avdelingsleiar Lysekloster på Geitabakken kunstgrasbane. Med fullt lag og same innsats som sør på Sotra, bør dette vere kampen alle frå Vaksdal vil sjå.

 

HELGE ARILD BOLSTAD FRÅ TELAVÅG GRESSBANE

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org