Dale "dømt" til å tape for Lysekloster

Dale vart snytt for to klare straffespark då heimelaget tapte 1-3 for avdelingsleiar Lysekloster på Geitabakken laurdag.

For dette var kampen eit godt kjempande dalelag, bokstavleg tala, blei dømd til å tape. Det første varsel om det som skulle skje, kom etter 32 minuttar av kampen. Etter at Tonny Tysnes i det 23. minutt hadde gjeve Dale leiinga med ei presis heading av eit like fint kantinnlegg frå Andreas Søberg, vart same Tysnes riven ned i god posisjon i straffefeltet. Linjemannen var forstandig nok kjapt oppe med flagget utan at hovuddommar tok den ringaste notis av dette, men vinka spelet vidare til så ordkvasse protestar frå dalebenken at trenar Fotland vart truga med bortvising opp i skauen ein stad.

 

PRESSA LYSEKLOSTER

I staden for ei sannsynleg 2-0-leiing, kom eit, i situasjonen, lite patent daleforsvar i det gåvmilde hjørnet då det etter 42 minuttar sette døra inn til dalemålet på vidt gap ved eit frispark frå langt hald. Med fri sikt mot mål kunne skyttaren litt for lettvint plassere ballen nær krysset og i mål bak dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen. Men det var eit framifrå godt skot, det må óg seiast.

Ingen kan underslå at Lysekloster hadde ballen mest i denne første omgangen. Laget frå Os er eit pasningssikkert kollektiv. Likevel kom laget til forbausande få farlege sjansar. Med stor glød og iver pressa midtbanen hjå Dale det gjestande lag til å spele ballen bakover til eige forsvar og heimelaget kom såleis til fleire kontringar som med større hell kunne ha ført Dale fram til ny leiing i kampen. Både Stian Berg, Dan Børge Høvik og Tonny Tysnes var utover i omgangen i slike «nære-på»-situasjonar. 1-1 ved pause hadde nok lyseklosterbenken størst grunn til å vere nøgd med.

 

TO LANGSKOT, TO MÅL

Andre omgang starta som den første hadde slutta; med ein godt synleg vinnarvilje hjå heimelaget. Den første store sjansen kom etter åtte minuttar då keeper måtte møte ein frispela Dan Børge Høvik utanfor eigen 16-meter, men var heldig og fekk beina ballen bort frå ein aggressiv Høvik og ut i ufarleg sone.

Så skulle dessverre det skje som skjedde Dale også i kampen mot Telavåg førre laurdag; ein daleforsvarar glir då han skal takle og frå vel 16 meter polar ballførar ballen inn i lengste hjørnet for dalekeeper Kvamme Tollefsen. Då var omgangen ti minuttar gamal, og dette vart starten på ein ny god lyseklosterperiode som resulterte i 1-3 åtte minuttar seinare. Eit hardt innlegg frå kant vart ekspedert kontant i mål frå kort hald.

 

DOMMARFADESE NUMMER TO

Dette var likevel ein kamp Dale ikkje ville gje opp som tapt. I det 24. minutt fekk då også Stian Berg sin store sjanse i andre omgang, men ei god og hard heading etter corner passerer stolpen så vidt på feil side. Og berre tre minuttar seinare skulle så lag og publikum få oppleve dommarfadese nummer to for dagen. Ein hands i straffefeltet som var synleg like til Dystingen, vart glatt oversett av den utsende representant for den norske dommarstand. Det er sjølvsagt uråd å påstå at denne miséren påverka den endelege poengfangst ved kampslutt.  Det som kan seiast, er at mannen med mistaket sitt nekta Dale den inspirasjon som ei redusering ville ha vore med det dryge kvarteret att å spele.

Etter eit framifrå redning av dalekeeper Tollefsen, eit fint raid av Tonny Tysnes og eit blokkert skot, signert Berg, kunne ein letta avdelingsleiar returnere til Os med tre nye poeng til tabellen.

 

Neste kamp for Dale vert borte mot Lyngbø i Bergen laurdag som kjem.

 

Frå Geitabakken kunstgrasbane: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org