Dale i Nedrykkstriden

Dale leia 0-1 mot Lyngbø etter første omgang fredag kveld. Så rakna det igjen i andre halvdel av kampen i Lyngbø idrettspark i Bergen.

Med ei tidleg Tonny Tysnes-skåring, godt spel og leiing 0-1 ved pause såg mangt lyst ut ved pause. Så senka mørkret seg over både byen og gjestane frå Dale.  Eit daleforsvar som hadde kjempa både hardt og effektivt i første del av kampen, vart gong på gong opna av eit lyngbølag som etter kvilen la opp til ein heilt annan breidde i spelet sitt. Raske kantspelarar fekk altfor ofte og litt for lett avansere inn mot daleboksen og avslutte raidet med anten skot eller farlege pasningar inn bak eit ryggande forsvar hjå Dale. Sluttresultatet vart då også stygge 5-1 til laget frå midtre Laksevåg.

 

EI TOTAL FORVANDLING

Ein heimepatriot forstod like lite av det som skjedde undervegs på banen som det ei handfull tilreisande frå bygda vår gjorde. Han kunne ikkje minnast sist ein kamp hadde endra slik karakter i idrettsparken der, som denne gjorde. For Dale gjorde ein god kamp både i angrep og forsvar dei første førtifem minuttane og var vel nærare 2-0 enn utlikning for heimelaget då domaren kalla laga inn til kvile.

 

HØVIK, TYSNES OG MÅL

Dale sitt mål kom etter berre fem minuttar. Dan Børge Høvik forserte flott fram mot kanten av 16.meter og det harde skotet hans vart fanga opp av Tysnes og ekspedert vidare i mål. I det 16 minutt er det Tysnes sjølv som fossar fram gjennom lyngbøforsvaret, men vert avblåst då han legg an skotfoten. Minuttet etter kjem så den første farlege lyngbøsjansen, men dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen reddar skotet på meisterleg vis. Etter 24 minuttar er det så målmannen på andre kant av banen som får vist at han er rette mann på rette plass denne kvelden, då han kastar seg og får redda eit hardt skot frå kring fem meter signert Kim André Njåstad. I det 29. minutt er Dale igjen i farta; eit fint gjennomspel frå Høvik vert teken like flott ned av ein Tonny Tysnes som dessverre er ein halv meter i offside då han mottek ballen med fri bane mot mål.Eit langt og presist frispark frå Preben Sandvik var i det 34. minutt også nær ved å hamne i lyngbønota, men domaren blåste faren over etter det han nok meinte var utilbørleg knuffing i feltet.

 

UNØDVENDIG MÅL

Andre omgang starta med eit massivt lyngbøpress og eit unødvendig mål.

Marius Kvamme Tollefsen hadde ved fleire høve i første omgang synt solid keeperspel. Utlikningsmålet etter få minuttar av den andre er nok av det slaget han helst vil gløyme. Eit skot frå kring 25 meter får lov til å dale ned i motsett hjørne utan at Tollefsen når fram der han burde ha vore, og inspirert av dette auka Lyngbø presset mot gjestelaget.

2-1 i det 19. minutt er eit knallhardt skot frå kring 15 meter medan 3-1 to minuttar seinare kjem etter ei forsering forbi eit no rakna daleforsvar og skot frå 10 meter.

 

SPELAR MED RISIKO

Likevel nektar Dale å sjå bataljen som tapt. Laget står høgt på banen og spelar med stor risiko for å oppnå ei redusering, men til alt hell går Lyngbø i offsidefella dei gongar det ser som skumlast ut. Dale prøver og prøver, men angrepsspelet vert for puslete og upresist. Tonny Tysnes er t.d. fleire gongar i ein fin mottaksposisjon ute langs kanten utan å få den ballen servert som han ventar på. Så medan Dale mot slutten ikkje kjem til dei sjansar laget slit for, ordnar Lyngbø 4-1 i det 45. minutt og 5-1 på overtid, det fjerde ei heading ned til stolperota etter corner og det siste ein pole opp i venstre krysset for Kvamme Tollefsen.

 

NY KAMP ONSDAG

Dermed fekk me fredag kveld igjen sjå det same mønster som har prega Dale på bortebane denne hausten; Dale tek både initiativ og leiing tidleg, men taper seg utover i kampen. Det var såleis lett å sjå at gjestane frå Dale fredag var langt meir slitne mot slutten av kampen enn dei elleve frå Lyngbø. Og då må det spørsmål stillast om dalespelarane er godt nok fysisk trente til å halde ein heil sesong? For etter ein strålande vårsesong, brenn det no eit blått lys for same divisjonsspel neste år. Det kan vere nok med tre poeng til, men går andre kampresultat mot Dale, kan dette bli for lite i ein hektisk innspurt. Det er heller ikkje slik at det tredje siste laget i avdelinga får sjansen til å berge plassen gjennom kvalifiseringskampar. Det laget av desse med færrast poeng rykkjer ned. Første sjanse til nye poeng får Dale alt onsdag kveld på Geitabakken kunstgras. Då står Loddefjord på andre sida av banen.

 

Frå Lyngbø idrettspark: Helge Arild Bolstad   

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org