Dale vann "skjebnekampen" 5-4

Dale gjorde det unødvendig spennande då Loddefjord vart slått 5-4 på Geitabakken kunsgrasbane onsdag kveld.

For heimelaget hadde stort sett denne kampen i si hule hand, produserte sjansane, skåra måla og leia kampen heilt fortent 5-2 tolv minuttar før slutt. Så klumpa dalespelet seg lett panisk saman på midten. I staden for befriande ballar ut mot kantane, inviterte småspelet Loddefjord inn att i kampen. Gong på gong braut gjestane opp eit meir og meir nervøst forsøk på veggspel frå Dale si side, kom til kontringar, skåra to mål og berre ei god redning på overtid av dalekeeper Kvamme Tollefsen hindra det gjestande lag i å få med seg det eine poenget tilbake til Bergen.


TO GONGER BERG
Bataljen onsdag kveld var ein slags «skjebnekamp» for Dale. Frå å vere eit av dei beste laga i avdelinga denne våren, har haustsesongen vore tung for eit dalemannskap som har sett nedrykks-skrømtet støtt nærare i augo. Med dei to førstevala Dan Børge Høvik (kort) og Tommy Olnes (reise) ute, var det desto meir gledeleg å oppleve eit dalelag som frå første spark på ballen synte både vilje og evne til å vinne. For etter ein jamspela opningssekvens, tok Dale meir og meir over banespelet og fekk si rettferdige løn for strevet då effektive Stian Berg skåra sitt første mål for kvelden i det 16. minutt og sitt andre to minuttar seinare. Rettferdig også fordi Dale var blitt snytt for eit straffespark alt i det sjette minutt, då ein loddefjordspelar – i fred for dommaren - fekk slå ballen bort med handa.


TABBEMÅL OG 2-1
Det markante dalepresset held fram vidare i omgangen. I det 25. minutt vart ein gedigen dalesjanse redda på strek. Minuttet seinare vart eit knallhardt skot frå Kim André Njåstad berga av keeper på meisterleg vis, og slik steig håpet i takt med vatnet på Geitabakken kunstgras utover i omgangen. Desto kaldare vart dusjen for dei få som hadde våga seg ned dit i uveret, då Dale på eit slags tragikomisk vis kveikte nytt håp i det gjestande lag. Ein ball vart pola inn i eit område tett pakka med spelarar frå Dale utan at korkje keeper eller andre synte særleg stort ønske om å møte den. Ein eller annan fot frå Bergen må nødvendigvis ha nådd ballen, men frå sidelina såg det mest ut som om den fann vegen inn og over keeper Tollefsen på eiga hand. 2-1 til Dale ved pause.


TONNY TYSNES-SHOW
Kalddusj nummer to for kvelden kom då andre omgang var berre minuttet gamal. Ein kort tversoverpasning vart fanga opp av ein loddefjordspelar med fri veg mot mål og slik utlikna gjestane stillinga etter to stygge mistak i daleforsvaret.
I det tolvte minutt førebur så dalespiss Tonny Tysnes det som skulle bli den heilt store opplevinga på Geitabakken kunstgras denne sesongen. Tysnes mottek ballen på midtstreken, passerer den første forsvarande bergensar, så den andre, snor seg forbi den tredje, rundar den fjerde og femte som ein Aamodt eller Kjus før den sjette legg han i bakken i eit forsøk på å berge den rest av ære bortelaget sit att med etter å ha blitt så overlegent leika med.
Straffesparket plasserer Kim André Njåstad sikkert i mål, slik den karen vanlegvis gjer frå den distansen.


MEIR TYSNES-NJÅSTAD
Men mykje vil ha meir. Dale pressa vidare frå nytt avspark, og berre fire minuttar seinare var det klart for meir Tysnes-Njåstad-magi. Njåstad tek ned ein nydeleg langpasning signert Tysnes og polar ballen vidare over keeper og inn i krysset.
Og i det 22. minutt får så Tonny Tysnes sitt vel fortente mål for kvelden. Denne gongen er det Preben Sandvik som finn Tysnes med ein perfekt stikkball og pang; 5-2 til eit dalelag som nett då var på veg mot den komfortable sigeren som mannskapet altså var nær ved å rote bort dei siste minuttane av ein kamp som var så overlag viktig for laget.
Laurdag ettermiddag skal Dale til Osterøy og kjempe om nye poeng med Valestrand-Hjellvik. Dit bør mange supporterar frå Vaksdal kommune óg finne vegen. Laget treng all den støtte det fortener i den heroiske kamp laget no fører for framleis spel i den fjerde divisjonen også neste år.


Frå Geitabakken kunstgras: HELGE ARILD BOLSTAD

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org