Leiing, raude kort og nytt tap for Dale

Dale leia både 0-2 og 2-3 laurdag på Valestrandfossen idrettsplass. Så gjekk det meste galt.

valestrand 014.JPG

DALEPRESS: Dale pressa Valestrand-Hjellvik tilbake på banen frå første spark på ballen og leia kampen 0-2 på Valestrandfossen idrettsbane laurdag etter berre seks minuttar. Så sette heimelaget farten opp og eit fartsvakt daleforsvar hang ikkje med. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Det var mest ikkje til å tru i dusjregnet sør på Osterøy. Etter seks minuttar av kampen hadde eit aggressivt og frå start godt spelande dalelag sikra seg to nye mål i protokollen, det første av det heilt ypperste slaget. For i det fjerde minutt finn Tonny Tysnes spisskollega Dan Børge Høvik med ein presist langpasning. Høvik dempar ballen med kroppen, vippar han to gonger rundt og forbi eit par ostringar og skyt ballen hardt til sides for keeper og i mål. Dette var ein prestasjon av det heilt store format, frekt gjort og elegant utført av kraftkaren frå dalføret kring Ekso.

 

 

KORT TID I PARADISET

Dalejubelen hadde knapt lagt seg, då det tilreisande publikum igjen skulle overdøyve tilropa frå dei forbausande få heimepatriotar som hadde funne vegen til stadion: Det stødige dalepresset førde til corner, og etter ein intens kamp om ballen fekk Andreas Erstad sett panneskallen til med 0-2 som resultat.

Men dessverre; Adam var nok lengre i sitt paradis enn Dale var i sitt denne dagen ved Valestrand skule. For i det tiande minutt skjedde det som skulle skje mange gonger utover i kampen; ein spelar frå Valestrand-Hjelvik (V/H) tek med seg ballen, spring enkelt frå det soneorienterte daleforsvaret og skårar frå kort hald på ein sjanselaus keeper Marius Kvamme Tollefsen.

 

 

DALE I TO GONGER «ØRSKA»

Så gjentek det same seg fem minuttar seinare, og berre ein kjemperedning med kroppen av Kvamme Tollefsen hindrar utlikning etter at han først har måtta gje retur på eit godt og hardt V/H-skot. Tollefsen må ta telling etter prestasjonen, men er ein hardhaus og kjem seg etter eit par minuttar på beina att. Utlikninga til 2-2 to minuttar seinare skal ein enno litt groggy dalekeeper likevel frikjennast for. Her var det andre som var i ørska. Ein V/H-spelar får lov til å stå heilt åleine og upressa ved bakerste stolpe då innlegget kjem, takkar og bukkar ballen, bokstavleg tala, inn i dalemålet.

 

 

TYSNESMÅL OG STRAFFE IMOT

Men trass all motgang; Tonny Tysnes forlet sjeldan ein arena utan å ha skåra sjølv. Så heller ikkje her: Tysnes tek i det tjuesjette minutt ned ein langpasning og frå horisontal stilling klinkar han ballen med stor kraft inn i V/H-buret til 2-3.

Det vert likevel meir og meir tydeleg at heimelaget har funne fram til den formel dei kan vinne kampen med. Dei slær støtt meir langt fram mot spissar som er overlegne eit tregare daleforsvar i fart. Å kompensere fartstapet med ulovlege knep, er i slike situasjonar fristande å ty til. I det 31. minutt vert V/H såleis tildelt eit korrekt idømt straffespark og igjen er stillinga like lite avgjort som ved kampstart.

 

 

MÅLMANNEN BAK EIGEN MUR

Den avgjerande snunad i kampen kom likevel med eit 4-3 mål rett før pause som i beste fall må skuldast ein etterverknad av den knock-out keeper Tollefsen var råka av før i omgangen, men som i verre og sannare fall nok kom etter ei merkeleg feilplassering av seg sjølv bak dalemuren ved eit frispark frå mest 40 meter. Ein V/H-spelar skrudde ein hard markkrypar til sides for muren og i mål utan at keeper rakk å reagere då han fekk ballen innanfor synsfeltet.

Var dette ein unødvendig keepertabbe, skulle dalemålmannen få fleire høve til å gjere opp for feilen då dalelaget i andre omgang gjekk fullstendig opp i liminga. Med fleire fine inngrep i ein omgang då mangt gjekk i svart for det gjestande lag, hindra nok Marius Kvamme Tollefsen eit tosifra nederlag denne ulykksalege dagen på Osterøy.

 

 

EIT RAUDT KORT FOR LITE

For no kjempa Dale meir enn laget spela. 5-3-målet, eit skot frå kort hald, kom såleis ikkje før 19 minuttar av andre omgang var gått, trass fleire gode V/H-sjansar. Men då først Andreas Søberg i det 28. minutt vart bortvist etter to gule kort og så Tommy Olsnes av same grunn måtte forlate banen fem minuttar seinare, var løpet køyrt for Dale. 6-3, 7-3 og 8-3 rann inn etter 33, 39 og 45 minuttar av omgangen.

Etter kampen var dommartrioen, forståeleg nok, like mykje i dalefokus som sjølve resultatet.  Lite rørsleføre linjemenn og ein hovuddommar  som meiner det må vere lov å demonstrere eit spark mot hovudet til ein liggande motspelar så lenge sparket ikkje vert fullført, kan umuleg vere dei flaggskip for Hordaland fotballkrets som slike menneske med makt bør vere. Her ville nok meir vakne domsfolk enn desse, ha funne fram det raude kortet direktet.Sameleis burde denne trioen ha gripe tidleg inn og hindra at trøya til Tonny Tysnes etter kampen var tre nummer større enn ved kampstart på grunn av all slitinga av ivrige V/H-hender. Ei slik halding skal stoggast før uskikken vert gjort lovleg som sedvane, slik som i denne kampen.

 

 

FRÅ SONE TIL MANN MOT MANN?

På den andre sida var dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen heldig då domsfolka oversåg hans halding i ein hektisk situasjon inne i feltet. Så dalelaget kan slett ikkje slå seg til ro med at dei i denne kampen hadde ein uvanleg slett trio av domarar mot seg. Først og fremst er det forsvarsspelet som er achilleshelen hjå Dale dei gongar laget møter hurtige spissar, slik dei gjorde i denne kampen. Då fungerer ikkje det soneforsvaret laget har øvd inn. På den andre sida har fleire av forsvarsspelarane gjennom sesongen vist seg taklingssterke i møte mann mot mann. Det er såleis muleg at Knut Bjarne Fotland bør ha ei mannsoppdekning som alternativ i situasjonar som den laget møtte på Valestrand laurdag. På spørsmål om dette etter kampen, vedgjekk Fotland at han hadde usikre tankar kring forsvarsstrategien. Det er eit OK fundament for ny vurdering.

Laurdag spelar Dale sin siste heimekamp for sesongen, mot Sund frå Sotra. Botnlaget Sund har vunne nokre kampar i haust, så på Geitabakken den dagen vil det bli bruk for både eit skjerpa lag og eit stort og entusiastisk publikum.

 

Frå Valestrandfossen idrettsplass: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org