Tre Tysnesmål og uavgjort mot Sund

Sund leia 0-3 ved pause. Så tok Tonny Tysnes ansvar, skåra tre fine mål og skjenka Dale eit viktig poeng på Geitabakken kunstgras laurdag.

For etter resultata frå dei andre kampane i avdelinga, er Dale no sikra spel på same nivå også neste år. Men sanneleg såg det alt anna enn lyst ut dei første 45 minuttane av kampen. Gjestane frå sør på Sotra møtte eit heimelag som slett ikkje hang saman. Medan Sund sine spelarar fann kvarandre med ballen, vart dalespelet oppstykka av feilpasning på feilpasning. Den første store sjansen for Dale kom typisk nok etter eit presist frispark signert Preben Sandvik. Dan Børge Høvik headar ballen elegant i mål, men linjemann og dommar meiner Høvik gjer målet frå ein posisjon i offside.

 

 

STRAFFESPARK OG LANGSKOT

Etter 25 minuttar med stort sundpress, er det berre to glitrande redningar av dalekeeper Marius Kvamme Tollefsen som har hindra det gjestande lag i å ta ei fortent leiing. Men straffesparket i det 26. minutt kan heller ikkje han rå med. Og dermed er Sund i gang med noko som skulle bli verre utover i omgangen. 0-2 kjem såleis i det 34 minutt: Eit frispark frå langt hald vert slege over eit tafatt daleforsvar og rett inn i buret bak ein keeper som nok hadde venta seg i alle fall litt kamp om den ballen. Eit nytt langskot duppar så i det 44. minutt ned i mål bak Kvamme Tollefsen og avsluttar ein omgang som ikkje lova mykje godt for den neste.

 

 

TYSNES, TYSNES OG TYSNES

Men så feil kan pessimisten ta når det gjeld dette dalelaget. Ein iherdig vilje til å vinne vart no synleg frå første spark på ballen, og med viljen kom også evna til å finne medspelarar framover på banen. Ein Tonny Tysnes som i heile første omgang hadde vore nett den vesle desimeter for sein til å skape sjansar for seg og sine, kom no brått den halve meter forbi ein motspelar som den karen treng for å lukte mål. Hans første løn for strevet kjem etter berre fem minuttar av omgangen. Tysnes dreg ballen med seg langs 16-meterstreken, finn opninga og bankar den inn i motsett hjørne av mål.

 

Inspirert av dette, pressar Dale no Sund meir og meir bakover på banen. I det 25. minutt er Dan Børge Høvik åleine med keeper, men er uheldig og bommar på ballen då han skal plassere den i mål.  Bommar gjer ikkje Tysnes då han mottek eit smart innlegg frå Preben Sandvik og frå kring fem meter kan banke ballen i nota. Og berre fem minuttar seinare har same mann utlikna stillinga. 3-3 målet er ein herleg lobb over ein keeper på veg ut or målet.

 

 

TO STOLPESKOT PÅ OVERTID

Det siste kvarteret av kampen laurdag vart ein nervepirrande batalje for både heimelaget og dei ikkje altfor mange som frysande var vitne til det som skjedde. For dalepresset skapte også store sjansar for det gjestande lag. På overtid skrudde såleis Tonny Tysnes eit frispark frå 17 meter på meisterleg vis rund sundmuren, men, dessverre for han og Dale, i stolpen og ut. Og berre minuttet etter var det stolpen bak Kvamme Tollefsen som berga poenget for Dale og altså ein trygg plass på tabellen med tanke på spel i 4. divisjon også neste år.

 

Siste kampen for Dale denne sesongen vert spela mot Gneist på Sandslibanen i Fana laurdag som kjem.

 

 

Frå Geitabakken kunstgrasbane: Helge Arild Bolstad

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org