Dale avslutta med nytt stortap borte

Det gnistra ikkje nett av Dale då Gneist laurdag overkøyrde laget på eit kunstgras i Fana. Heimelaget gav seg ikkje før det hadde plassert åtte ballar bak dalekeeper Tollefsen. Ole Johnny Carlsen heada inn eit trøystemål for Dale på stillinga 6-0.

gneistkampen 020.JPG

NYTT STORTAP: Ballen rulla ikkje nett rette vegen for kaptein Kim.Andre Njåstad og mannskapet hans då Dale tapte heile 8-1 mot Gneist i den siste kampen for året. Men målsetjinga er nådd; det vert spel i 4. divisjon på Geitabakken også neste år. FOTO: HELGE ARILD BOLSTAD.

 

Etter tolv kampar på bortebane denne sesongen, sit Dale att med fire poeng og ein negativ målskilnad på 51 skåringar.

Ikkje noko anna lag i avdelinga er i nærleiken av ein slik flau innsats på framant dekke. Nærast kjem no nedrykka Sund med sine 28 minusmål borte.

Evna til å forsvare seg har vore noko betre heime, men ikkje meir enn at den positive målskilnaden berre er seks mål på Geitabakken kunstgrasbane. Det er såleis «skåringsmaskinen» Tonny Tysnes som har vore heilt avgjerande for Dale når laget no kan bu seg på ein ny sesong i fjerde divisjon.

 

27 TYSNESMÅL, 99 MÅL IMOT

Til saman fekk Dale 99 mål mot seg borte og heime etter dei 24 kampane dette året, og ingen av kampane borte mot dei no nedrykka laga er vunne. Med sine 27 mål er Tonny Tysnes den suverene toppskårar for laget, og sannsynlegvis også den mest skårande i avdelinga. Slik fortel nakne fakta at så lenge Dale har Tysnes, vil eit skrantande forsvarsspel vere det største problemet, slik dette vart synleggjort under kampen mot Gneist i Fana laurdag. Ved begge dei to første (og viktige) måla vart dalespelarane ståande i kvar si forsvarssone utan å attakere den eine frå Gneist som fekk all den tid han hadde bruk for, til å sikte ballen inn og forbi ein sjanselaus Kvamme Tollefsen i dalemålet. Det verkar som om dei ikkje retteleg veit kven som skal gå fram for å møte og blokkere mannen med ballen. Eller som den fotballkunnige tilskodar Jan Erik Dahle sa etter kampen. «Ei sone skårer ikkje mål, så den treng dei då slett ikkje stå å vente på».

 

TRE BRØR OLSNES PÅ BANEN

Det tredje målet til Gneist, i det 38. minutt, kom derimot etter eit fint kombinasjonsspel og eit godt plassert skot frå kring 10 meter, og resten av kampen vart dei blåkledde springande mykje etter og ved sida av nokre fotrappe ungdomar frå denne kanten av Bergen.

Dale sitt trøystemål vart skåra på stillinga 6-0 til Gneist. Ole Johnny Carlsen heada eit frispark i mål frå kort hald. Jonathan Mjøs fekk sin første kamp frå start for Dale. Ein halvskada Dan Børge Høvik kom til fånyttes inn etter pause i eit forsøk på igjen å hente opp ei 3-0 leiing, og ei tid var det tre brør Olsnes på banen, då G 16-spelar Stian fekk sitt første innhopp på Dale sitt A-lag.

 

MÅLET NÅDD FOR DALE

Gneist kjempa nok ekstra godt i denne kampen i eit siste forsøk på å berge plassen på femte nivå av norsk fotball. Men fordi Nordhordland samstundes vann sin kamp, enda laget frå Lindås på den trygge plassen bak Dale. Nordhordland er elles det einaste laget Dale dette året vann over på bortebane. Skal det bli fleire slike triumfar neste år, må det heilt opplagt takast nye grep i innøving av eit tryggare forsvarsspel med dei ressursar laget når våren kjem vil rå over. Finst det midlar til det, bør ikkje eit korttidsengasjement av ekstern ekspertise vere utenkjeleg.

I år nådde Dale det målet laget hadde ved sesongstart; å halde seg i divisjonen. Såleis kan både spelarar, trenar Knut Bjarne Fotland og lagleiinga elles gå rakrygga til ei lita fritid frå fotballen. Me som har fulgt laget frå sidelina, kan frå vår kant gratulere og ønske lukke til vidare.

 

Frå Liland kunstgrasbane: Helge Arild Bolstad

 

PS: Det var fleire frå Vaksdal kommune som såg kampen mot Gneist, enn det var publikum frå Fana. Så laget er slett ikkje gløymt, sjølv om det har gått litt tråare denne hausten enn det gjorde i vår.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org