VP- cupen 2014

VP- cupen 2014

28.mars arangerer Dale il - senior inndørs fotballturneringa VP-cup i "Turbinen fleirbrukshall på Dale.

Dale IL seniorfotball i arrangerer 28.-29. mars fotballturnering i TURBINEN ( ny fleirbrukshall på DALE ).  

Turneringa startar fredag kl. 17.00 og er ferdig med finalar laurdag kl. 15.00.

Turneringa vil ha tre klassar, Klasse A og B herrar og dameklasse.        

                               

  • Klasse  A herrar:
    • For aktive, dei som i 2013 spelte i 6 div. eller høgare div. vert definert som aktive. Max 3 aktive per lag.                                                                                                                                              
  • Klasse B herrar:
    • For mosjonistar og ikkje-aktive spelarar, som for eksempel TB-lag. Her kan ikkje aktive delta. Me ønskjer at det her skal komme påmelding frå bedrifter, organisasjonar og venelag her. Det vil her vera mogeleg å søkja om dispensasjon for ein aktiv spelar på laget.         

              

  • Dameklassen:
    • Vil vera open, der alle kan delta, men me ønskjer sjølvsagt også her at det skal komme påmelding frå bedrifter, organisasjonar og venelag.                                          

 

Nedre aldersgrense er 16 år i løpet av 2014. Øvre aldersgrense, alt etter kor gamal du føler deg.                                                                                                                                 

Kampane vil gå over 12 minuttar uten pause.                                  

Antall spelarar pr. lag er 5 + evt. Innbytarar. Reglane vil fylgje NFF sine reglar for innendørsfotball.

Premie og skryterett til:

-   Vinnar i klassane

-   Toppscorar i klassane

-   VP – pokalen: Går til eit lag i cupen som utmerker seg ved å skaper mest mulig liv og god stemning på og utanfor bana. Avgjøras av ein jury.    

 

Det vil vera mulig å få kjøpt mat, bl.a. Hot dog, vaflar, kaffi og brus i kiosk under turneringa.


Laurdag 29.3 blir det også arrangert dans i hallen.

 

Spørsmål rettes mot:

 

Motto for turneringa er:

Det viktigaste er ikkje å vinna, men ha det moro!

 

Mvh

Styret i Dale IL - Senior. 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org