Kampreferat Dale - Olsvik

Kampreferat Dale - Olsvik

5. div. avd. 2: Dale – Olsvik fredag 2.5 kl. 19.30 på Geitabakken.

Etter ein begredelig bortekamp forrige søndag mot Sotra 2, resultat 9-0, som ikkje er noko å verken bruke tid eller energi på, men rett og slett berre legga bak seg, so var det no tid for å ”reise kjerringa” mot Olsvik.

 

Dale stilte med følgjande lag:

Arild Soltvedt, Pete Charnoensuk, Eirik Erdal, Tommy Olsnes, Vegard Johansen, Kim A. Njåstad, Stian Olsnes, Andreas Søberg, Preben Sandvik, Eivind Johansen og Kim Søvik.

Innbyttarar: Dan Børge Høvik, Thomas Erstad og Stian Lid Lervik.

Dale starta kampen litt nervøst og kom bakpå frå start, kanskje låg forrige kamp 0-9 tap i bakhovudet, med mykje tversoverpasningar i eget forsvar og dette førte etter ca. 10 minutter til eit brudd og Olsvik tok leiinga 1-0. Som mot Laksevåg i forrige heimekamp, so såg dette ut til å vekkja laget, dei kom høgare opp i bana, fekk kantane meir med i spelet og etter ca. 20 min. vart Kim A. Njåstad holdt på ca. 20 m.  i det han hadde fri bane mot mål. Dette resulterte i frispark til Dale og rødt kort til Olsvik. Det påfølgjande vart etter litt møljespel i 16 meteren satt i mål av Tommy Olsnes og 1-1.

Resten av 1. omgang vart stort sett styrt av Dale, men det vart ikkje skapt mykje store målsjansar, men alt i alt ein bra 1. omgang av Dale, der dei var flinke til å bruke kantane for å opne forsvaret til Olsvik, og etter feilen i eget forsvar, som gav mål i mot, spelte sikkert og godt i forsvar.

 

2. omgang starta med eit overtak til Dale, der det såg ut til at Olsvik ville prøve å få med seg eit poeng. Dale produserte fleire store målsjansar, og det var tilfeldigheiter og marginer som gjorde at det ikkje blei mål, men etter ca. 75 min. so fekk Dale frispark som Eivind Johansen skora på.

No kom Olsvik høgare i bana, noko som gav sjansar både for og i mot, men kampen ebba ut med 2-1 til Dale. Etter spel og sjansar eit rettferdig resultat, men i 2. omgang so blei me litt for utålmodige og slo for mykje langt, i staden før med 11 mot 10 og halde ballen i laget og la Olsvik løpe etter. Men alt i alt ein meir enn godkjent kamp av Dale sitt unge lag, med 4 juniorar frå start, i tillegg so viste Tommy Olsnes gamle takter og var stort sett konge i forsvaret, Kim Andre Njåstad gjorde comeback og la ned eit godt stykke arbeid, Pete Charnoensuk spelte med autoritet og pondus og resten av laget gjorde ein samvetsfull og god jobb..

Dette lovar godt, LYKKE TIL VIDARE!

 

Ref.: Geir Karstensen

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org