Kampreferat Dale - Nordre Holsnøy

Kampreferat Dale - Nordre Holsnøy

5. div. avd. 2: Dale – Nordre Holsnøy søndag 11.5 kl. 18.00 på Geitabakken.

Resultat: 2-0, målskorarar for Dale: Ørjan Boge 40 min., Kim A. Njåstad 45 min.


Dale stilte med følgjande lag:

Arild Soltvedt, Joacim Olsnes, Rune Kristiansen, Eirik Erdal, , Stian Olsnes, Andreas Søberg, Dan Carlos, Preben Sandvik, Eivind Johansen, Ørjan Boge og Kim A. Njåstad.


Innbyttarar: Dan Børge Høvik, Kim A. Søvik og Vegard Johansen.

Fredag 9.5 gjekk me på eit litt surt 1 - 2 tap borte mot Bergenskameratene, og då dommaren blåste denne kampen i gang viste spelarane at dette tapet ville dei hevne. Dale gjekk offensivt ut i ein 3-5-2 formasjon, pressa høgt og allerede etter 5 min. kunne me tatt leiinga, men Kim Andre kom litt for seint på ballen, men standarden var satt og laget produserte fleire store sjansar. At det gjekk heile 40 min. før første målet kom, kan vel berre tilskrivast marginar i mot, målet kom etter ein glipp i NH sitt forsvar og Ørjan Boge skora greit.

2 – 0 kom etter 45 min. ved Kim A. Njåstad. Dette målet må vel og tilskrivas tein forsvarsfeil som Dale effektivt utnytta.


Første omgang av kampen var vel den beste so langt i år. Forsvaret hadde stort sett full kontroll på det som kom frå eit heller tannlaust Nordre Holsnøy. Midtbana, spesielt den sentrale delen ved Dan C., Stian og Andreas gjorde ein veldig god jobb og styrte det meste. Spissane Kim A. og Ørjan skora kvart sitt mål, og var ellers bevegelige og aggressive.

Dale vann sjansestatistikken 5 – 1.


Andre omgang blei stort sett som første, me styrte det meste, og kunne fort ha drept kampen med eit mål eller to. NH hadde to store sjansar i denne omgangen, men ved begge anledningane redda Arild Soltvedt mesterlig.

I denne kampen viste heile laget vilje til å kjempe om kvar ball, og ein bør vel i tillegg til dei som allerede er nevnt, trekkja fram Rune Kristiansen som framsto med autoritet som midtstoppar.

Alt i alt ein fullt fortjent seier, som gjerne kunne vert eit eller to mål større.


 

Neste kamp er borte mot Juristforeningen på VAKSDAL onsdag 14.5 kl. 19.00.

 

 Ref.: Geir Karstensen

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org