Kampreferat Dale - Bergenskameratene

Kampreferat Dale - Bergenskameratene

Onsdag 03.09.14

RESULTAT: 6-3

Dale startar med følgjande lag: Arild S., Anders S., Dan B., Tommy O., Jan Ove, Preben S.,Andreas S., Stian O., Kim S., Tonny T., Even J.I.

Med Tonny tilbake var det sjølvsagt litt ekstra forventningar til denne kampen, men med av 5-6 «faste» spelarar ute so var sikkert ein del av tribuneslitarane skeptiske, men juniorane som erstatta desse spelarane sto fram, viste vilje, kampglød og var tydeligvis innstilt på å vise supporterane at det gror godt under a-laget.

Dale tok tak i kampen frå avspark, styrte det meste og det var vel berre eit spørsmål om kor tid det første målet skulle komme, og 1-0 kom etter 26. min. ved Andreas Søberg, 2-0 etter ca. 35 min. ved Preben Sandvik, då han plasserte straffen iskaldt i nettet. Dette blei og pauseresultatet.

Som i første omgang, tok Dale styringa frå start i andre omgang og 3-0 kom allerede etter 50 min ved Vegard Johansen. No trudde sikkert samtlige som var til stades på Geitabakken denne kvelden at kampen var avgjort, men den gong ei. Bergenskameratene reduserte både til 3-1 og 3-2 i løpet av 8 min., men då virka det som om Tonny bestemte seg for at «no må me visa dei kven som styrer på Geitabakken», og etter eit soloraid sette ballen sikkert ned i hjørna og 4-2, men Bergenskameratene ville ikkje gi seg og reduserte nok ein gong til 4-3. Etter 80 min. var Tonny nok ein gong frampå, og 5-3, før so samme mann fastsatte sluttresultatet til 6-3.

Kort oppsummert, so er vel ikkje dette den beste kampen Dale har spelt i år, men det var ein god førsteomgang, og i andre omgang var dei effektive, men gjorde mykje feil.

  

Alt i alt ein kjekk kveld på Geitabakken, og med det spelarmateriellet Dale har no, med forsterkningane Daniel Hilland, Fillip Ulveseth og Tonny Tysnes som er kome no i august, so er det lov å ha tru på eit godt resultat i kvar kamp.   

 

Neste kamp er søndag 7.9 borte mot Nordre Holsenøy.

Neste heimekamp er fredag 12.9 kl. 20.00 mot NORDNES.

Til denne kampen håper me publikum stiller fulltallig. Me kan garantert love overraskelser og FANTASTISK stemning.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org