Unggutane fortsetter å imponere

Unggutane fortsetter å imponere

I går spelte me vår tredje treningskamp for året. Me møtte Norheimsund som er vår divisjonskollega. 

Treningskamp A-laget Dale – Norheimsund 17.2 på Vaksdal, resultat 4 -1 ( 2-0 ).

 

I går spelte me vår tredje treningskamp for året, og etter to gode kamper mot Eikelandsfjorden (5. div.) og Voss 2 ( 6. div ), so rekna me med at no skulle me få ein skikkeleg prøve på kor me sto i forhold til laga me skal møte i seriespelet.

 

Følgende 11 starta: Ronny Amundsen, Robel Grmay, Stian Olsnes, Alexander Trohjell, Ole Marius, Anders Skjerve, Bjørn Tore Myrvold, Tonny Tysnes, Jonar Heimdal Dalseid, Filip Ulveseth og Even Johansen Indrebø.

Innbyttarar: Hans Kristian Balestrand Ulveseth, Emanuel Lunde Johnsen, Andreas Ellingsen, Kristoffer Mykkeltveit, Odd Inge Tveterås og Sindre Kvamme.

Alle innbyttarane kom inn og spelte.

 

Norheimsund gjekk ut i stort tempo og klarte å tilrive seg eit overtak i frå start og det første kvarteret av kampen blei me satt på  skikkelege defensive prøver, som me klarte å ri av på ein mesterleg måte. Spesielt keeper Ronny hadde i denne perioden av kampen nokre matchvinnande redninger, ellers so var me, kampen sett under eit, defensivt veldig solide, der kvar enkelt gjorde ein ansvarleg og god jobb.

 

Etter at Norheimsund hadde fått sprunge av seg og me kom meir inn i kampen so kom me og til store målsjansar, dette etter godt offensivt spel. Etter 32min kom endeleg scoringa, der Bjørn Tore skrudde eit hjørnespark direkte i mål i lengste hjørna. Fem minutter seinare gjekk me opp til 2-0 etter eit godt innlegg frå Robel Grmay som Filip Ulveseth styrte fint i mål.

Resten av omgangen hadde me stort sett god styring, og kunne med litt hell ha scora både ein og to gonger til.

 

Andre omgang starta mykje likt første, med høgtpress og tempo frå Norheimsund, men også denne omgangen so klarte me å ri presset av og komme inn i kampen igjen.

3-0 kom etter ca 50min, då Tonny Tysnes skar inn frå venstre og avlutte med eit hardt og presist skudd i lengste hjørna.

Etter ca. 75 min. reduserte Norheimsund til 1-3 etter dødball, men kort etter skar Anders Skjerve inn frå venstre og avslutta frå kanten av 16 meteren med eit hardt skudd i lengste vinkel.

Der i frå og ut styrte me kampen, og me kunne lett ha økt ledelsen, då det nesten virka som at Norheimsund hadde gitt opp og ville berre bli ferdig med kampen.

Me fekk også i denne kampen ein bekreftelse på ut spelargruppa er godt trent og har det moro saman med det dei driv med, og for å avslutte i god nynorsk stil: WELL DONE!

 

Laget besto denne gongen av ein fin mix av rutine og unge framadstormande spelarar og dersom det me viste i denne kampen skal vera eit speilbilde av kva me kan forventa av laget i 5. divisjon i årets sesong og me får behalde desse spelarane, so har me mykje å sjå fram til på Geitabakken i år.

 

Kampfakta:

1-0: Bjørn Tore Myrvol(32min)

2-0: Filip Ulveseth (37min)

3-0: Tonny Tysnes(52min)

3-1: Norheimsund (75min)

4-1:  Anders Skjerve (76min)

 

Referent

Geir Karstensen

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org