Referat: Dale - Kvernbit

Referat: Dale - Kvernbit


Dale tok imot Kvernbit til årets fjerde treningskamp, og Dale fortsett å imponera. 

Kvernbit var motstander for Dale i kveldens treningskamp i flomlyset på Vaksdal.Dei hadde før kveldens kamp slått både Radøy/Manger og 4. Divisjonslaget Bergen Nord.

 

Åpningen på kampen starta dårlig for Dale sin del. Eit godt bortelag satte fart på ballen og hadde mykje flotte kombinasjoner. Litt etter litt kjemper me oss inn i kampen, og etter ca 20 minutt får me straffe når Ruben blir tatt. Straffen setter Tonny sikkert i mål.

Få minutt etterpå drar Anders seg innover i banen og speler Jonar fint igjennom som frå skrått hold setter ballen kontrollert

i lengste hjørne -  2-0!

Kvernbit fortsetter å angripe og var farlige når dei kom seg rundt på kant, der dei hadde mykje fart og kreativitet.

2-1 kjem like før pause då Stian er uheldig og skal klarere, men treff standfoten og ballen triller inn i buret bak Ronnie.

 

Me bestemmer oss i pausen for å være meir aggressive i presset. Dette lykkast me med, og klarer å bryte ned spelet til Kvernbit.

Første halvdel av 2. omgang er det mykje dueller og spel på midten, og få sjangser.

3-1 kjem når Bjørn Tore legg inn frå kant og Anders kjem på eit fint løp på bakre stolpe og sett ballen sikkert i nota.

5. minutt før slutt slår Bjørn Tore ein ball i bakrom til debutant Ruben Søvik. Han tar med seg ballen, og er iskald åleine med keeper.

Kvernbit går rett i angrep igjen og scorer på eit skudd frå 16 meter. Kampen ender med dette 4-3 til Dale.

 

Dale har no vunnet 4 av 4 treningskamper, og viser ein utrulig innsats og glød. Til no har me nytta 25 forskjellige spelarar.


Lagoppstilling: Ronny Amundsen, Robel Grmay, Stian Olsnes, Ørjan Midtun, Ole Marius Jakobsen, Jonar H. Dalseid, Emanuel J. Lunde, Bjørn Tore Myrvold, Anders Skjerve, Tonny Tysnes og Ruben S. Søvik.


Innbytter: Hans Kristian Ulveseth etter 30 for Emanuel L., Odd Inge Eliassen etter 40 for Ole Marius, Sindre Kvamme etter 85 for Anders.


1-0 Tonny Tysnes (20.min)

2-0 Jonar H. Dalseid (23.min) ass. A. Skjerve

2-1 (40.min)

3-1 Anders Skjerve (57) ass. B.T Myrvold

3-2 70. Min

4-2 Ruben Søvik (84) ass. B.T Myrvold

4-3 (90.min)

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org