Kampreferat: FBK Voss - Dale IL

Kampreferat: FBK Voss - Dale IL


Etter ein forespørsel tidlig mandag morgen, reiste A-laget til Voss for ei gjennomkjøring før sesongstart. 

FBK Voss - Dale IL

28.03.2016, Olabana - Voss

 

Lagoppstilling:

Bjarne Rassmussen, Ole Marius Jakobsen, Aleksander Trohjell, Stian Olsnes, Robel Grmay, Anders Skjerve, Ørjan Midtun, Bjørn Tore Myrvold, Jonar H. Dalseid, Tomny Tysnes, Ruben Søvik.

 

Innbyttere:

Joakim Olsnes, Ronnie Amundsen, Andreas Ellingsen, Hans Kristian Ulveseth, Sindre Skorpen, Emanuel Lunde.

 

1-0 (15.min) 2-0 (16.min) 3-0 (23.min) 4-0 (40.min) 4-1 Bjørn Tore Myrvold (75.min)

 

Då Voss sin motstander Vik ikkje kom seg øve eit stengt Vikafjell, fekk me tilbud om å steppa inn på kort varsel. I utgangspunktet hadde me planlagt internkamp seinere på kvelden, men me heiv oss rundt og reiste til Voss med 17 mann!

 

 

Då dommaren blåste igang kampen kunne det sjå ut som me fortsatt var på påskeferie. Lite konsentrerte, passive og store problem med å finne posisjoner, gjorde at ein god Eirik Een på Voss fekk styre spelet og sette opp spelarar i gunstige posisjonar. Det resulterte i to kjappe mål i det 15. og 16. minutt. Begge måla ved god bevegelse og flott kombinasjonspel.Voss bruker samme oppskrift på å legge på til 3-0 og 4-0.

 

Like før pause får me ein stor sjanse då Jonar og Ruben er gode i presset og Jonar får ta med ballen og avslutte skrått frå 10 meter. Ballen snik seg like øve tverrliggeren.

 

I pausen får me gjort ein del nødvendige justeringer, og me blir einige om å gå ut på banen å vinna 2. omgang.

 

Voss fortsatte med mykje balltrilling i starten av 2. omgang. Me brukte dei første minuttene til å jobbe inn kantene våre slik at dei kom ned i midtbaneleddet og begynne å skyve sammen med den sentrale midtbanen. Dette gjorde at Voss ikkje lenger fekk dei nødvendige romma til å skape sjangser.

 

Ettersom me lykkast med posisjoneringa, fekk me rom og tid til å ta ned ballen og begynne å spele.

Etter ca. 65. min. blir Tonny spelt igjennom. Istaden for å fyre av eit skudd prøver han uegoistisk å finna Ruben Søvik på bakre stolpe. Dessverre blei pasningen litt for lang for Ruben.

Med eit kvarter igjen på klokka kobler hurtigtoget Anders på turboen og dribler seg forbi 4-5 svimle vossingar før han blir lagt i bakken på 20. meter. Bjørn Tore stiller seg opp for å ta dette, og skrur ballen over muren og i mål like under tverrliggeren.

Voss får ein mulighet etter dette, men i 2. omgang vinn me sjansestatistikken med 3-1 og 1-0 i målkontoen.

 

Alt i alt ei grei gjennomkjøring der me får god læring mot eit godt 4. divisjonslag. Me takkar FBK Voss for kampen!

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org