Ref. Dale - NHH 3

Ref. Dale - NHH 3

Laurdag 2.4 spelte me siste treningskamp/generalprøve før seriestart 8.4 borte mot Lyngbø 2.

Laurdag 2.4 spelte me siste treningskamp/generalprøve før seriestart 8.4 borte mot Lyngbø 2.

 

NHH som var eit godt og velspelande lag tok initiativet frå start og allerede etter 2 min. låg me under med 0-1, 10 min. ut i kampen utlikna me til 1-1 etter eit godt angrep som vart avslutte med ei heading i mål av Bjørn Tore Myrvold.

26 min. ut i kampen gjekk NHH opp i 1-2, men igjen, etter 30 min so utlikna me til 2-2 ved Tonny Tysnes,   men med to kjappe mål i slutten av omgangen so kunne NHH gå til pause med 4-2 leiing.

 

Det var ingen resignert stemning i Dalegarderoben i pausen og me hadde tru på at dette kunne me snu.

 

Andre omgang starta litt meir lovande for Dale enn fyrste, men det var igjen NHH som etter 50 min. scora og gjekk opp i 2-5, berre 2 min. seinare reduserte Dale ved Ruben Søvik til 3-5.

Etter dette målet so såg det ut som om me var ferdig med kampen og i løpet av 15 min. scora NHH 3 mål og stillinga var 3-8.

Etter ca. 90 min. reduserte Hans Kristian Ulveseth til 4-8 som blei sluttresultatet.

 

Spelemessig var dette ein tam kamp av oss, med mange personlege feil og alt for lite aggressivitet. Det skal og vera sagt at det var eit godt lag me møtte.  

 

12970417_10154651444655931_843326689_o.jpg           


Men, ein dårlig generalprøve gjer ein god premiere.

Me veit kva me kan og har ikkje mista trua inn mot seriestart og håper flest mogeleg tar turen ut til Laksevåg på fredag 8.4 og ser og heiar på oss i seriepremieren mot Lyngbø.

Kampstart kl. 20.00.

 

Ref.:

Geir Karstensen 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org