Referat: Lyngbø 2 - Dale

Referat: Lyngbø 2 - Dale

Seier i serieopninga då Dale tok turen til Gravdal

Lyngbø 2 - Dale IL


Lagoppstilling:

Bjarne Rassmussen, Robel Grimai, Eirik Erdal, Ørjan Midtun, Aleksander Trohjell, Stian Olsnes, Anders Skjerve, Bjørn Tore Myrvold, Tonny Tysnes, Jonar Heimdal Dalseid, Ruben Søvik


Innbyttere:

Ronnie Amundsen, Andreas Ellingsen, Hans Kristian Ulveseth, Sindre Skorpen, Emanuel Lunde


Kampfakta:

0-1 (30.) Tonny Tysnes 1-1 (45.) 1-2 (46.) Tonny Tysnes (B.T Myrvold) 1-3 (70.) Jonar Heimdal Dalseid (R. Søvik)

 

Dale starta serien på bortebane mot Lyngbø 2 fredagskveld.Det var knytta stor spenning til kampen, med 9-4 tapet i generalprøven mot NHH friskt i minne.

Planen var å ligga kompakt og ta overgangene som bydde seg. Å ligga kompakt viste seg å være vanskelig då Lyngbø 2 gjekk ut i eit forrykande tempo. Med to offensive backer og høgt balltempo kom dei mykje rundt på kantane, men Midtun og Erdal i midtforsvaret rydda mesterlig unna dei farlighetane som kom.

Ruben var svært aktiv på topp og gjorde ein heroisk innsats i arbeidet med å tvinga fram feil frå midtstopperne til Lyngbø.

 

Etter ca. 30 minutt var det duka for eit stykke Tysnes-magi på Lyngbø idrettspark. Tonny mottok ballen inne i 16-meteren, og blei pressa ut mot sida. Frå nesten død vinkel chipper han ballen over keeper og i motsatt kryss, 1-0 til Dale!!

 

Etter dette datt balltempoet til Lyngbø, og me kom meir og meir inn i kampen. Like før pause får Lyngbø frispark ute ved sidelinja. Ballen blir slått inn i feltet og stussa videre til ein Lyngbø spelar som dukker opp på bakre stolpe og sett inn utlikningen.

 

I pausen blir me enige om å være meir aggressive i presset og prøve å holde litt i ballen når me vant den.

 

2. Omgang er kun eit minutt gammalt då me får eit frispark 15 meter inn på Lyngbøs banehalvdel. Då Forsvaret deira står og sover er Bjørn Tore og Tonny virkelig på. Tonny snik seg på tvers av forsvaret og Bjørn Tore spelar Tonny perfekt igjennom. Åleine med keeper gjer han ingen feil og setter ballen sikkert forbi keeper.

Etter dette fortset Lyngbø å trille ball, men me gjer det vanskelig for dei med god aggressivitet i presset og ein forsvarsfirer som er bunnsolid.

 

Etter 70. minutt mottar Ruben ballen feilvendt, flikker ballen videre til Jonar som tar med seg ballen 25 meter og sett den nydelig i lengste hjørne.

Etter 80. minutt har Tonny dribleshow i 16 meteren til Lyngbø før han blir felt og får straffe. Bjørn Tore tar denne. Ein dårlig plassert straffe blir enkel å ta for Lyngbø's målvakt.

 

Det ender 3-1 til Dale i ein meget god gjennomført bortekamp!

 

12991046_609269405897164_4468519463035684539_n.png

(det blei heile fira debutantar i serieåpnnga. Ruben Søvik, Andreas Ellingsen, Hans Kristian Ulveseth, Robel Girmai) 

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org