Kampreferat Dale-Trane

Kampreferat Dale-Trane

Dale starta haustsesongen bra heime mot Trane (Arkivfoto)

Dale åpna haustsesongen oppskriftsmessig på heimebane mot Trane. Bortelaget frå Bergen opna bra, og leia 0-1 allereie etter knappe to minutt på ei heading frå kort hold. Etter det tok Dale fullstendig over, men brukte lang tid på å utlikne. Bortelaget vart spelt veldig lave, mykje takka vere Dale sine ballsikre spelarar.

 

Utover i omgangen utlikna Dale med Ronny Skjelde på volley etter bra forarbeid av Jonar Dalseid. Rett før pause kombinerar nevnte Skjelde og Tonny Tysnes fint på høgrekanten, og Tysnes gav Dale leiinga med høgrefoten rett utanfor femmeteren.

 

Etter pause fortsatte Dale å dominere stort, og kampbiletet var mykje likt som første omgang. Tonny Tysnes auka leiinga til 3-1 med ein fantastisk soloprestasjon, der han tok tunnel på heile to Trane-spelarar i prosessen. Dale slepp likevel til eit billig baklengsmål etter dårlig kommunikasjon i bakre rekker, men reiser seg kjapt igjen. Preben Sandvik la på til 4-2 etter ca. 60 minutt, der han skora på eit kjapt tatt frispark. Det senka skuldrene til heimelaget, og etter det var det ikkje mykje nerve i kampen.

 

Ronny skorte sitt andre for dagen då Dale fastsatte sluttresultatet til 5-2, og fekk med det ein kjempegod start på haustsesongen. Førstkomande laurdag arrangerast det busstur til Åsane for supportarar som ynskjer å sjå Dale sin bortekamp mot tabelltoar Myrdal kl. 1500 på Myrdal Gress. Meir info kjem på eit seinare tidspunkt.



Dale-Trane (innbyttar i parentes):

Elias Tvedt

Joakim Olsnes (Torje Midtsæter)

Eirik Erdal

Stian Olsnes

Aleksander Trohjell (Robel Grmay)

Preben Sandvik (Karim Mousa)

Ørjan Midtun

Bjørn Tore Myrvold (Ole Marius Jakobsen)

Jonar Dalseid (Ruben Søvik)

Ronny Skjelde (Hans Kristian Ulveseth)

Tonny Tysnes

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org