Vinnere Trimpoeng konkurranse

Vinnere Trimpoeng konkurranse

Vinnere av Trimpoen konkurransen vart Johnny Thunestveit frå Stamnes og Harald Olsnes frå Vaksdal. Johnny var ikkje til stades ved premieutdelinga. Her er det Harald Olsnes som får tildelt sin Dale-genser. I tillegg var det 5 trekte premiar som var satt opp av Bergsdalstunet, Verpelstad Gård, Jernina Dale, EB Hårdesign og Naboen. Me takkar dei alle for støtta i Trimpoeng konkurransen.

Etter 4 mnd hadde Johnny og Harald samla over 19000 poeng. Konkurransen slutta mandag 12. Juni kl 00:00. Siste helga var det ein utruleg spennande kamp som alle andre deltakarar kunne fylja minutt for minutt. Når de eine sjekka inn på eit turmål, kunne andre straks sjå det på poenga hans. Det gjekk føre seg frå tidleg om morgonen til seint om kvelden. Ein imponerande innsats av dei begge to.

 

Når konkurransen var slutt skilde det berre 100 poeng i favør Johnny, noko som er ein snartur for å rekna for desse to. Dei låg fleire tusen poeng før dei neste i konkurransen. BO valgte difor å gje begge to delt førsteplass og dermed ein Dale-genser kvar.

 

Dei trekte premiane  var:

 

Korv frå Verpelstad Gård

Ost frå Bergsdalstunet.

Popcornmaskin frå Jernina Dale.

Middag for to hos Naboen.

Gavepakke frå EB Hårdesign.

 

Dei trekte premiane gjekk til:

Wiggo-Andre Marx, Bay-Britt Eriksen, Lena J Haugen, Emelie Dahl Skjerveggen og Njål Sæterdal Hægland. Desse vel premiane i denne rekkefølga.

 

Trimpoeng konkurransen hadde også ein bygdakamp mellom Eksingedale, Stamnes, Dale, Bergsdalen, Stanghelle og Vaksdal. Denne gjekk ut på å samla mest poeng pr. innbyggjar i bygda. Her gjekk Bergsdalen av med seieren tett fylgd av Eksingedalen og Stamnes.

Resultat:

 Poeng 06-11.JPG

 

Det er allerede starta ein ny trimpoengkonkurranse som varer fram til 12 November. Følg denne lenka for å lesa om den og melda deg på.

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org