Innbyding til Vertshus-cup 2014

Dale IL seniorfotball arrangerer 8. - 9. august  fotballturnering på GEITABAKKEN kunstgras.                                                                                  

Turneringa startar fredag kl. 17.00 og er ferdig med finalar laurdag ca. kl. 16.00.         

Turneringa vil i år ha fire klassar, og er som følger:                                      

  • Original Herrer

Vil vera open, og gjerne meld på bedrifts, organisasjons – og venelag. Dei som i 2014 speler i 6 div. eller høgare div. vert definert som aktive. Max 3 aktive per lag.  Max 2 aktive på bana samtidig.
Med andre ord, reglar som det pleier å være i VHC.

  • Original Damer:

Vil vera open, der alle kan delta, men me ønskjer sjølvsagt også her at det skal komme påmelding frå bedrifter, organisasjonar og venelag.  
Max 3 aktive pr. lag, dei som i 2014 speler i 4. div. eller høgare div. vert definert som aktive. Max 2 aktive på bana samtidig.
Med andre ord, reglar som det pleier å være i VHC.

  • Vintage Damer:

Her er nedre aldersgrense 30 år, født i 1984 eller tidlegare, og det er ikkje tillatt å benytte aktive spelarar. Spelar ein i divisjonssystemet til NFF, eller bedriftsfotball so blir ein rekna som aktiv.

Er ein født i 1974 ( fyller 40 år i år ) eller tidlegare so er ein ikkje å rekna som aktiv.

 

  • Vintage Herrer:

Her er nedre aldersgrense 30 år,født i 1984 eller tidlegare, og det er ikkje tillatt å benytte aktive spelarar. Har ein i 2014 spelt i NFF sit div.system i 7. div. eller høgare, eller bedriftsfotball som TEBE-serien eller anna bedriftsfotball, so blir ein å rekna som aktiv.

Er ein født i 1974 ( fyller 40 år i år) eller tidlegare so er ein ikkje å rekna som aktiv.

 

 

 

Nedre aldersgrense er 16 år i løpet av 2014.

Øvre aldersgrense, alt etter kor gamal du føler deg.

Kampane vil gå over 2 x12 minutter

Antall spelarar pr. lag er 6 + evt. Innbyttarar.

Reglane vil fylgje NFF sine reglar for 7ar fotball

NB! De treng ikkje registrere dommar i påmeldinga i år   


Premie og skryterett til:

-          Vinnar i klassane

-          Toppscorar i klassane

-          Vertshuscup – pokalen: Går til eit lag i cupen som utmerker seg ved å skaper mest mulig liv og god stemning på og utanfor bana. Avgjøras av ein jury.    

Påmelding:

Gå inn på: www.daleil.org – bruk « Vertshuscup» til høgre på sida for å kome fram.

  1. De får bekreftelse på mail at påmelding er mottatt
  2. PÅMELDINGSAVGIFT kr. 1.300,-, betales inn til konto 3530 22 14598  Marker innbetaling med lagets namn.

NB! Ver raskt ute å meld på lag, då det er begrensa opp til 36 lag som får delta. Her gjeld regelen: Først til mølla!

Det vil vera mulig å få kjøpt mat, bl.a. Hamburger, Hot dog, vafler, kaffi og brus i kiosk under turneringa.

Laurdag 9. august blir det arrangert cupdans i Vertsshushagen med musikk av TVANG GANG.

Spørsmål rettes mot:

Føl med på www.daleil.org for info fram mot cupen.

Motto for turneringa er:

Det viktigaste er ikkje å vinna, men ha det moro!

Med sportsleg helsing

Styret i Dale IL seniorfotball

© 2011 | DALE IL | post@daleil.org